15.16. Glødande

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2559 $ kost

15.16.1. Oversyn

Figur 16.342. Eksempel på bruk av filteret “Glødande

Eksempel på bruk av filteret Glødande

Filteret “Glødande

Eksempel på bruk av filteret Glødande

Logoen for “Glødande


Dette filteret legg ein effekt av glødande varmt metall til alfakanalen, dvs. til dei ugjennomsiktige områda i det gjeldande laget.

Filteret er utvikla frå skriptet “Glødande” (UtvidingarLogoGlødande i verktøykassa).

Filteret simulerer eit raudglødande, eit gulglødande og eit kvitglødande område som skal førestella ulike temperaturar i metallet. Omrisset av alfakanalen er synleg gjennom gløden.

[Advarsel] Advarsel

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

15.16.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoGlødande.

Dette filteret er aktivt bare dersom det aktive laget har alfakanal.

15.16.3. Innstillingar

Figur 16.343. Innstillingane for filteret “Glødande

Innstillingane for filteret Glødande

Effektbreidde (pikslar × 3)

Dette er eigentleg skriftstorleiken i logoen “Glødande”. Verdien blir brukt for å rekne ut breidda på den mjuke kanten (sjå Seksjon 7.9, “ Mjuk kant) før gjennomsikta blir fylt med raudt, gult og kvitt. Det er desse mjukgjorte fargane som lagar effekten av varmt metall.

Figur 16.344. Eksempel på bruk av effektbreidde

Eksempel på bruk av effektbreidde

Effektbreidde 50

Eksempel på bruk av effektbreidde

Effektbreidde 350


Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt for å fylle bakgrunnslaget, og er normalt sett til svart (7,0,20). Klikk på fargeknappen for å velje ein annan farge.

15.16.4. Filterdetaljar

For å få fram glødeffekten (raudglød, gulglød og kvitglød) blir alfakanalen lett oppmjuka og fylt med den aktuelle fargen frå raudt til kvitt med avtakande oppmjuking minkande fargestyrke i dei aktuelle områda.

Figuren nedanfor viser skjematisk dei “glødande” fargane og breidda på den mjuke kanten i prosent av “effektbreidda”. Det er desse verdiane filteret eigentleg bruker.

Figur 16.345. Effektbreidde

Effektbreidde

Fargane for glødande metall og den relative oppmjukinga


I eksemplet kan du sjå korleis omrisset av alfakanalen skin gjennom gløden. Dette blir oppnådd ved å legge ein alfakanal fylt med svart som det øvste laget. Lagmodus for dette laget er sett til overlegg. Reint kvitt vil ikkje bli forandra, men lyse fargar ved kantane av alfakanalen blir gjort mørkare. Dermed blir omrisset synleg.