3.3. Lesar for programtillegg

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2529 $ 2007-02-06 KoSt

Lesar for programtillegg opnar eit dialogvindauge som listar opp alle programtillegga (“plug-ins”) som er lasta inn i GIMP. Du kan velje om du vil ha utlistinga på listeform eller som trestruktur. Sidan mange av filtra eigentleg er programtillegg, kan det hende du finn noen kjende namn på lista. Legg merke til at du ikkje kan køyre utvidingane frå dette vindauget. Bruk i staden den tilhøyrande menyen. T.d. køyrer du filterprogramma frå kommandoen Filter i biletmenyen.

3.3.1. Aktivering

  • Du får tilgang til undermenyen frå menylinja i verktøykassa via UtvidingarLesar for programtillegg

3.3.2. Beskriving av dialogvindauget for “Lesar for programtillegg

Figur 15.13. Lesar for programtillegg” på listeform

Lesar for programtillegg på listeform

Figuren ovanfor viser Lesar for programtillegg sett til å vise på listeform. Klikk på namnet til programtillegget for å få fram meir informasjon om tillegget. Du får fram denne utlistinga ved å trykke på fanen Listeform.

Du kan søke etter eit programtillegg ved å skrive namnet i feltet Søk:. Du vil då sjå at utlistinga forandrar seg etter kvart som du skriv.

Figur 15.14. Lesaren for programtillegg” som tre-vising

Lesaren for programtillegg som tre-vising

Figuren ovanfor viser Lesar for programtillegg sett til trevising. Klikk på namnet til programtillegget for å få fram meir informasjon om tillegget. Du får fram denne utlistinga ved å trykke på fanen Trevising.

[Notat] Notat

Dialogvindauget viser bare ein del av opplistinga. Bruk rulleknappane for å få fram resten.