11.24. Bytt fargeområde

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2473 $ 2007-11-30 kost
[Advarsel] Advarsel

Dette filteret vil bli fjerna i framtidige versjonar (frå versjon 2.6).

11.24.1. Oversyn

Figur 15.175. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret “Bytt fargeområde


Til skilnad frå filteret Bytt fargar bruker dette filteret fargar frå eitt definert fargeområde for å bytte farge i eit anna, definert fargeområde. Sagt på ein annan måte: for kvar biletpiksel blir verdiane for kvar av fargekanalane bytt ut i høve til ein utskiftingsstabell. Fargeområdet kan bli flytta, strekt ut, komprimert og/eller invertert.

[Notat] Notat

Det er ikkje slik at bare fargar definerte i fargeområdet i målet blir påverka av kjeldefargane. Fargar som ikkje er definerte, blir samanlikna på same måten og ekstrapolerte til målfargen.

11.24.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FargarKartBytt fargeområde

11.24.3. Innstillingar

Figur 15.176. Innstillingane for filteret “Bytt fargeområde

Innstillingane for filteret Bytt fargeområde

Førehandsvising

Førehandsvising: Dersom denne er avkryssa, vil alle endringane bli viste her etter kvart før dei blir lagt inn i originalbiletet.

Frå dette fargeområdet

Dei to fargeboksane blir brukte for å definera kva for fargeområde som skal bli brukt som kjelde. Området vil vere frå fargen definert i fargeruta Frå til fargen definert i ruta Til. Når du opnar dialogen, er forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen definert i verktøykassa brukt i desse boksane. Klikkar du på ein av fargeboksane vil du få opp fargeveljaren slik at du kan bestemme fargane.

Hugs bare på at når du vel ein farge, vel du eigentleg tre ulike fargekanalar.

[Obs] Obs

Dersom både kjeldefargen og målfargen er den same i noen av kanalane, er dette ein feil. Du kan ikkje avbilde ein enkelt verdi på målområdet. Sjølv om filteret ser ut til å godta dette, vil det føre til uventa resultat.

Til dette fargeområdet

Desse to fargeboksane verkar som omtalt ovanfor, men set grensene for fargeområdet i målbiletet.