3. Dialogar relaterte til biletinnhaldet

3.1. Fargedialogen for for- og bakgrunnsfarge

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2551 $ 2008-01-26 KoSt

Figur 14.24. Dialogvindauget for å endre FG-/BG-farge

Dialogvindauget for å endre FG-/BG-farge

Fargedialogen frå dialogmenyen


Dette dialogvindauget blir brukt for å bestemma forgrunnsfarge (FG) og bakgrunnsfarge (BG) for biletet. Normalinnstillinga er at du bruker GIMP sitt fargesystem, men du kan ved hjelp av knappane øvst i dialogvindauget også velje andre måtar for å bestemme fargen, nemleg CMYK, triangel, akvarell, palett eller skala. I tillegg har du ein fargeplukkar som kan brukast for å hente farge frå heile skjermen og ei rute som viser fargen i hex-notasjon.

Figur 14.25. Dialogvindauget kalla frå verktøykassa

Dialogvindauget kalla frå verktøykassa

Fargedialogen frå verktøykassa


Dialogvindauget som dukkar opp når du klikkar i verktøykassa er tilsynelatande noe ulikt den same som kjem fram når du klikkar frå ein av dialogmenyane. Hovudskilnaden er at vindauget du får fram frå verktøykassa inneheld tolv knappar med dei sist brukte fargane. Du kan velje ein farge ved å klikka på ein av desse knappane, eller du kan legge den gjeldande for- eller bakgrunnsfargenden til knappan. I sistnemnde dialog ligg glidebrytarane for å bestemme fargeparametra framme konstant, medan du må kalle dei fram ved å klikke på knappen “skala” i den andre dialogen. Denne dialogen arbeider bare på det området han bli kalla opp frå.

3.1.1. Aktivering

Du kan få fram dialogvindauget på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarFargar

  • frå verktøykassa ved å klikka på ruta for forgrunns- eller bakgrunnsfarge.

  • frå biletmenyen: DialogarFargar

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til faneFargar

3.1.2. Å bruke dialogen

GIMP

I fargeveljaren “GIMP” (symbolisert med ein liten Wilber) bestemmer du fargen ved først å klikke i ønskt farge på fargestripa til høgre og deretter inne i den store ruta til høgre. Har du bruk for å bestemma andre parametrar for fargen, kan du klikke på ein av knappane heilt til høgre i vindauget. Vala du gjer på fargestripa og i fargeruta vil då endre parametra for den knappen du har vald. Du kan velje mellom K (kulør), M (metning), L (lysverdi) i fargesystemet HSV , og R (raud), G (grøn) og B (blå) i fargesystemet RGB .

CMYK

Dette er eit fargesystem som blir brukt ved utskrifter. Difor finn du det under knappen merka med ein skrivar. Du kan stille inn verdiane for C, M, Y og K med skyvebrytarar. Sjå meir om dette fargesystemet i ordlista under fargemodellen CMYK.

Triangel

Fargeveljaren “Triangel” er kanskje betre kjent som HSV -fargesirkelen. Du veljer kulør ved å flytte ein liten ring rundt på ein fargesirkel, og metning og lysverdi ved å flytte ein annan ring rundt i eit triangel.

Akvarell

Denne fargeveljaren operer litt anleis enn dei andre veljarane. Her gir du den eksisterande forgrunnsfargen eller bakgrunnsfargen ei ny fargetone ved å klikke på fargekartet. For eksempel, dersom forgrunnen er sett til kvit, kan du gi denne ei raudtone ved å klikke i det raude området av fargekartet. Gjentatt klikking på same fargen vil forsterka effekten. Glidebrytaren heilt til høgre i vindauget bestemmer kor mykje fargen skal forandrast ved kvart klikk. Dess høgare brytaren er sett, dess større blir forandringane ved kvart klikk.

Paletten

Klikkar du på denne knappen, kjem det opp ei liste som viser den for tida aktiviserte paletten. Du bestemmer for- eller bakgrunnsfargen ved å klikka på aktuelt palettinnslag, eller du kan flytte deg rundt på paletten ved hjelp av piltastane og velje farge med Enter-tasten.

Skalaer

Denne dialogen inneheld seks glidebrytarar som du kan bruke for å bestemme verdiane for fargekanalane R, G og B i RGB -systemet, og dessutan verdiane for H, S og V i HSV -systemet.

Fargeplukkaren

Fargeplukkaren opererer ikkje ulikt den vanlege fargeplukkaren, men i staden for å hente farge bare frå det aktive biletet, kan denne hente farge frå heile skjermen.

HTML-notasjon

Sjå HTML-notasjon. Du kan også bruke CSS-fargenamna. Skriv den første bokstaven i eit fargenamn for å få fram fargelista med koder:

Figur 14.26. Eksempel på CSS fargenamn

Eksempel på CSS fargenamn

Som omtalt ovanfor, er fargeveljaren som blir kalla opp frå filmenyen i verktøykassa og frå biletmenyen ulik den som kjem fram etter oppkall med andre metodar. Den første dialogen viser forgrunns- og bakgrunnsfargen heilt nedst i vindauget. Den fargen du har vald, er synleg i rutene nedst i vindauget. Du kan også klikke i desse rutene for å bestemma om fargen skal gjelde for- eller bakgrunnen. Den ruta som er aktiv er markert med ei tynn, grå ramme rundt seg. Alle fargeendringane gjeld for den aktive ruta.

Klikkar du på symbolet som er sett saman av to piler, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bytte plass. Diagonalt frå dette symbolet, finn du ein annan knapp merka med to kvadrat, eitt svart og eitt kvitt. Klikkar du på dette, vil forgrunns- og bakgrunnsfargane bli tilbakestilt til normalen, dvs. svart og kvit.