2.7. Dialogen for angreloggen

Figur 14.23. Dialogen for angreloggen

Dialogen for angreloggen

Denne dialogen viser ei liste over kva du har halde på med i det siste, i det minste på det aktive biletet. Dei forandringane du har gjort blir forsøkt vist med ein miniatyr. Du kan tilbakeføra biletet til eitkvart av punkta på lista bare ved å klikke på den ønskte visinga i dialogen. Vil du vite meir om dette, kan du klikke deg inn på sida om å angre.

2.7.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarAngrelogg

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugePenslar, mønsterelement og overgangar Dette valet opnar eit vindauge som inneheld fire dialogar der den ein av dei er angreloggen.

  • frå biletmenyen: RedigerAngrelogg

  • frå biletmenyen: DialogarAngrelogg

  • eller frå ein annan dialogmeny: Legg til faneAngrelogg

2.7.2. Å bruke angreloggen

Det mest nærliggande er å velje eit punkt i angreloggen ved å klikke på det. Du kan trygt klikke deg framover eller bakover i lista utan å vere redd for å miste informasjon om biletet eller å bruke opp ressursane. Som oftast går forandringane svært raskt.

Knappane nedst i dialogvindauget:

Angre

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerAngre frå biletmenyen, eller trykker snartastane Ctrl+Z. Han opnar det førre biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk opp i dialogen.

Gjenta

Denne knappen gjer det same som når du vel RedigerGjenta frå biletmenyen, eller trykker snartastane Ctrl+Y. Han opnar det neste biletet i angreloggen, altså det som ligg eitt hakk ned i dialogen.

Tøm angreloggen

Denne knappen fjernar alt innhaldet i angreloggen, bortsett frå det aktive biletet. Dette er såpass drastisk at du får spørsmål om du verkeleg vil dette. Den einaste grunnen til å bruke denne knappen er dersom du er i ferd med å gå tom for ledig minne.

[Notat] Notat

Denne dialogen blir i fanene symbolisert med ikonet .

[Notat] Notat

Du kan bestemma angrenivået i Seksjon 1.2, “ Omgivnader.