2.6. Navigeringsdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2567 $ 2007-03-03 KoSt

Figur 14.22. Navigeringsdialogen

Navigeringsdialogen

Dersom biletet er større enn biletvindauget vil du bare kunne sjå ein del av biletet på skjermen. I slike tilfelle vil den synlege delen av biletet bli vist som ei ramme på dialogvindauget. Du kan dra ramma rundt i dialogvindauget for å velje kva område som skal visast på skjermen.

2.6.1. Aktivering

Du kan aktivere denne dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarNavigering

  • frå biletmenyen: DialogNavigering

  • frå biletmenyen: VisNavigeringsvindauget

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneNavigering

Den raskaste måten er likevel å klikke på ikonet i nedre, høgre hjørnet av biletvindauget. Denne metoden aktiverer ikkje zoom-funksjonen.

2.6.2. Å bruke navigeringsdialogen

Glidebrytaren

Enkel og grei i bruk. Litt meir presis enn Zoom-kommandoen.

Knappane

Forminsk, Forstørr og Skala 1:1 treng vel ikkje nærare forklaring.

Vis heile biletet i vindauget

Vis heile biletet i vindauget : gjer at heile biletet får plass i det brukte biletvindauget.

Vis biletet optimalt i vindauget

Vis biletet optimalt i vindauget : Biletstorleiken og forstørringsgraden blir justerte slik at heile biletet kan visast i biletvindauget med minst mogleg forstørring.

Reduser biletvindauget til biletvisinga

Reduser biletvindauget til biletvisinga : Sett biletvindauget slik at heile biletet kan visast utan å endra forstørringa.