5. Teikne rette linjer

Denne leksjonen er basert på tekst og bilete av Copyright © 2002 Seth Burgess. Du kan finne originalen på Internett [TUT01].

5.1. Føremålet med leksjonen

Figur 3.36. Eksempel på teikning av rette linjer

Eksempel på teikning av rette linjer

Denne leksjonen viser korleis du kan teikna rette linjer med GIMP. Metoden som er vist her er uavhengig av kor nøyaktig teiknebrettet eller musa arbeider, men bruker i staden den reknekrafta som datamaskinen er utstyrt med for å lage figurar som ser både fine ut og samstundes er ordentlege. Intensjonane med denne leksjonen er å vise korleis du raskt og enkelt kan lage ulike linjeefektar. Sjølv om det her ikkje blir vist komplekse figurar, vil du enkelt kunne overføra kunnskapane til også å lage svært så innvikla teikningar.

  1. Førearbeid

    Figur 3.37. Shift-tasten

    Shift-tasten
    Shift-tasten

    Då skrivemaskinen blei oppfunnen, blei det også sett på ein ekstra tast for å skifte mellom små og store bokstavar. Denne tasten fekk naturlegvis namnet Skift-tasten. I dataverda blei namnet forandra til Shift-tast. Som oftast har du to slike på tastaturet, ein nede til høgre og ein nede til venstre. I 1970 fann Douglas C. Engelbart opp datamusa. Datamusa kjem i mange variantar, men alle har minst ein trykkknapp. Har musa fleire trykknappar, er det alltid den lengst til venstre som er “museknappen” og som skal brukast når det i oppskrifta står at du skal klikka. Som oftast flytter du musa rundt direkte på skrivebordet eller på ei musematte.

  2. Lag ei rein teikneflate

    Figur 3.38. Nytt bilete

    Nytt bilete

    Først lagar du eit nytt bilete. Dette gjer du ved å velje Fil+Nytt bilete frå menyen i verktøyvindauget. Storleiken på biletet er ikkje så viktig.

  3. Vel eit verktøy

    Figur 3.39. Teikneverktøya i verktøykassa

    Teikneverktøya i verktøykassa

    Alle verktøya i det raude feltet på biletet ovanfor kan i prinsippet brukast, men denne gongen vel vi blyanten for å gjere resultatet meir synleg. Du kan seinare prøve dei andre verktøya

  4. Sett av eit startpunkt

    Figur 3.40. Startpunkt

    Startpunkt

    Etter at du har klikka på blyanten i verktøykassa klikkar du ein gong på biletet. Det vil då dukke opp eit enkelt punkt der du klikka. Storleiken vil vere den same som penselstorleiken, som du eventuelt kan forandre i penseldialogen (sjå Seksjon 3.2, “ Penseldialogen). La oss nå byrja å teikne ei rett linje. Trykk ned Shift-tasten og hald han nede.

  5. Teikne linja

    Figur 3.41. Å teikne linja

    Å teikne linja

    Etter at du har markert startpunktet, og framleis held nede Shift-tasten, kan du flytte musa eit stykke. Dersom du bruker GIMP versjon 1.2.x eller nyare, vil du nå sjå ein tynn strek mellom startpunktet og blyantspissen. Dersom du nå klikkar på museknappen, vil du sjå at den tynne linja blir streka opp med den valde teiknereiskapen. Fekk du det ikkje til? Hugs at du heile tida medan du bruker museknappen også må halde nede Shift-tasten.

  6. Avslutning

    Figur 3.42. Det endelege biletet

    Det endelege biletet

    Linja blir teikna oppå hjelpelinja. Dette er ein kraftig funksjon som er i bruk for alle teikneverktøya viste i steg 3. Så lenge du ikkje slepp opp Shift-tasten, kan du teikne nye strekar i forlenging av kvarandre. På neste side finn du fleire eksempel på teikning av rette linjer. Har du spørsmål eller merknader? La oss få vite det, t.d. på [GIMP-no]. Happy GIMPing!