2. Utvalsverktøya

2.1. Felles eigenskapar

Figur 13.2. Oversyn over utvalsverktøya

Oversyn over utvalsverktøya

Utvalsverktøya blir brukte til å velje ut arbeidsområde på eit bilete eller eit lag slik at du kan arbeida innføre utvalet utan å påverka resten av biletet eller laget. Kvart utvalsverktøy har sine eigne innstillingar, men dei har også ein del innstillingar som er felles for alle desse verktøya. Desse felles innstillingane blir omtalt her. Dei individuelle innstillingane blir tatt opp under dei verktøya dei gjeld for. Treng du nærare hjelp om kva vi meiner med “utval” i GIMP, kan du sjå nærare om dette i Seksjon 1, “ Utval.

Det er sju utvalsverktøy:

Også baneverktøyet kan i noen tilfelle sjåast på som eit av utvalsverktøya i og med at ein lukka bane kan konverterast til eit utval. Baneverktøyet kan mykje meir enn dei vanlege utvalsverktøya, dessutan deler det ikkje innstillingar med desse. Baneverktøyet er nærare omtalt i Seksjon 6.1, “ Baneverktøyet.

2.1.1. Valtastane (førehandsvalde)

Utvalsverktøya forandrar seg dersom du held nede ein eller fleire av valtastane Ctrl, Shift eller Alt medan du bruker verktøya.

[Notat] Notat

Dei som bruker GIMP mykje ven seg til å nytte valtastane, men nybyrjaren, eller dei som sjeldan bruker GIMP, tykkjer dei er forvirrande og vil heller bruke Modus-knappane som er omtalte nedanfor i staden for valtastane.

Ctrl

Held du nede Ctrl-tasten medan du lagar eit utval, kan dette resultera i to ulike handlingar, avhengig av måten du brukar knappen på:

  • Held du nede tasten medan du markerer utvalet, vil dette bytte om på valet du har sett for “Ekspander frå sentrum”.

  • Trykker du ned før du markerer utvalet, vil utvalsverktøyet vere i subtraksjonsmodus. Dette betyr at det nye utvalet vil bli trekt i frå det eksisterande utvalet.

Alt

Når du held nede Alt-tasten kan du flytte det aktive utvalet. Bare omrisset blir flytta, ikkje innhaldet. Dersom heile biletet flytter seg, kan du prøve tastekombinasjonen Shift+Alt i staden. Dette fordi Alt-tasten i noen tilfelle blir brukt av vindaugehandteraren i operativsystemet. GIMP vil i slike tilfelle ikkje få melding om at tasten er i bruk.

Shift

Som for Ctrl-tasten har også Shift-tasten to ulike effektar:

  • Trykker du ned tasten før du klikkar på utvalsverktøyet, vil verktøyet vere i addisjonsmodus så lenge du held Ctrl-tasten nede. Dette betyr at utvalet vil bli lagt til det eksisterande utvalet.

  • Trykker du ned tasten etter at du klikka på utvalsverktøyet, vil effekten vere avhengig av kva verktøy du bruker. Eksempelvis vil rektangelutvalet bli kvadratisk.

Ctrl+Shift

Kombinasjon Ctrl+Shift kan resultera i mange ulike effektar avhengige av kva verktøy som for tida er aktivt. Felles for alle utvalsverktøya er at utvalssmodus blir endra til “snitt”. Dette betyr at utvalet vil bli sett saman av det som er felles for det nye utvalet og det utvalet som finst i biletet frå før. Det blir leksa di å finna ut dei ulike kombinasjonane som kan lagast ved å halde nede Ctrl+Shift samstundes og deretter slepp ein av dei eller begge før du slepp museknappen. Sidan verknaden også er avhengig av operativsystemet du bruker, er det uråd å gi gi eit eintydig svar her.

Valtastane for å flytte utvala

Tastekombinasjonane Ctrl + Alt + Klikk-og-dra og Shift + Alt + Klikk-og-dra blir brukte for å flytte utvala. (Sjå Seksjon 2.1, “ Å flytte eit utval).

Mellomromtasten

Held du nede Mellomromtasten medan du bruker eit utvalsverktøy, vil verktøyet bli omdanna til eit navigeringsverktøy så lenge du held tasten nede. Du kan då navigere rundt i biletet i staden for å nytte rullefelta dersom biletet er større enn biletvindauget.

2.1.2. Felles verktøyinnstillingar

Her vil du finne ein omtale av dei verktøyvala som er felles for alle utvalsverktøya. Dei vala som finst bare for noen få verktøy, eller som verkar ulikt på ulike verktøy, er omtalte under dei verktøya dette gjeld. Dersom du ikkje har forandra normaloppsettet, vil innstillingane for kvart verktøy bli vist i dialogvindauget for innstillingane til det aktuelle verktøyet like under verktøykassa, når verktøyet er aktivisert. Har du av ein eller annan grunn fjerna dette dialogvindauget, kan du få det fram ved å klikka, eller i noen tilfelle dobbeltklikka på verktøysymbolet. For å gjere dialogane konsekvente, er dei flete innstillingsvala viste for alle utvalsverktøya, sjølv om dei ikkje er brukte.

Figur 13.3. Felles innstillingar for utvalsverktøya

Felles innstillingar for utvalsverktøya

Modus

Dette bestemmer måten det nye utvalet skal kombinerast med utval som finst i biletet frå før. Legg merke til at alle desse funksjonane også kan utførast ved hjelp av valtastane omtalte ovanfor. Som oftast finn den erfarne brukaren det enklast å nytta tastane, medan nybyrjaren helst bruker knappane.

Erstatt: Eit eksisterande utval blir bytta ut med det nye utvalet.

Legg til: Det nye utvalet vil bli lagt til eit eksisterande utval.

Trekk frå: Det nye utvalet vil bli trekt i frå eit eksisterande utval.

Snitt: Det endelege utvalet blir eit snitt mellom det nye utvalet og det eksisterande utvalet. Resultatet blir eit nytt utval sett saman av det som er felles for begge utvala.

Kantutjamning

Gjer at kantane på utvalet blir litt mjukare. Dette valet verkar bare på noen få av utvalsverktøya.

Mjuke kantar

Dette valet gjer kantane på utvalet diffuse ved at punkta i grenseområda blir meir eller mindre utvalde. Sjå meir om dette i ordboka under Mjuke kantar .

2.1.3. Tilleggsinformasjon

[Notat] Notat

Flytter du eit utval utanfor biletkanten, vil utvalet bli krympa slik at det passar biletområdet. Utvala kan bare finnast innføre biletområdet. Alle flyttingar og andre endringar i utvala blir registrerte i angreloggen, og kan såleis alltid tilbakeførast dersom du angrar det du har gjort.