2.7. Intelligent” saks

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-05-14 kost

Figur 13.20. Symbolet for verktøyet “saks” i verktøykassa

Symbolet for verktøyet saks i verktøykassa

Den intelligente saksa” er eit interessant stykke verktøy. Ho kan likna litt på “lassoen”, men har også ein del av eigenskapane til baneverktøyet, i tillegg til noen som er spesielle for dette verktøyet. Saksa er særleg nyttig for å velje ut område som er avgrensa med sterke fargekontrastar. Når du bruker saksa, klikkar du av for eit sett med “kontrollpunkt” rundt kanten av det området du ønskjer å velje ut. Saksa vil setje opp ei kurve som går gjennom desse kontrollpunkta. Mellom desse punkta vil kurvafølgje mest mogleg dei fargekantane som måtte finnast. Dersom du er heldig, vil dette også vere konturen av det området du ønskjer å markera.

Saksa, også kalla “den intelligente saksa” er eit interessant stykke verktøy. Ho kan likna litt på “lassoen”, men har også ein del av eigenskapane til baneverktøyet, i tillegg til noen som er spesielle for dette verktøyet. Saksa er særleg nyttig for å velje ut område som er avgrensa med sterke fargekontrastar. Når du bruker saksa, klikkar du av for eit sett med “kontrollpunkt” rundt kanten av det området du ønskjer å velje ut. Saksa vil setje opp ei kurve som går gjennom desse kontrollpunkta. Mellom desse punkta vil kurva følgje mest mogleg dei fargekantane som måtte finnast. Dersom du er heldig, vil dette også vere konturen av det området du ønskjer å markera.

Kvar gong du venstreklikkar med museknappen, set du av eit kontrollpunkt. Dette blir bunde til det førre kontrollpunktet med ei kurve som prøver å følgje fargeskilnadane i biletet. For å avslutta, klikkar du på det første punktet. (Markøren endrar utsjånad for å vise at du har funne det første punktet). Du kan justera kurva ved å dra i kontrollpunkta, eller setja inn nye punkt. Når resultatet er slik du vil ha det, klikkar du ein eller annan stad innføre området for å lage kurvene om til eit utval.

Diverre ser det ut til at intelligensen til saksa er nokså avgrensa. Kantføljingslogikken fungerer ikkje alltid heilt slik han er tenkt slik at utvala til sine tider kan bli nokså dårlege. I slike tilfelle kan det vere lurt å slå over til snarmaske og bruke teikneverktøya på problemområda. Ofte vil kanskje baneverktøyet vere meir brukbart enn saksa, sjølv om det ikkje har den “intelligente” kantfinningslogikken som saksa har. Banane står der til du fjernar dei, og kan bli endra når du har behov for det.

2.7.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på tre måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaIntelligent saks,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykke på tasten i.

2.7.2. Valtastane (førehandsinnstilde)

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.7.3. Å endre utvalet

Figur 13.21. Bruk av saksa

Bruk av saksa

Som sagt tidlegare, lager du markeringa ved å klikke inn punkt på høvelege stader. Desse punkta bestemmer omrisset for markeringa. Med unnatak for det første og det siste punktet, kan du flytte punkta ved å dra og sleppe dei der du måtte ønskje. Markeringa blir lukka ved å klikke det siste punktet over det første. Når markeringa blir lukka, vil markøren skifte utsjånad for å vise kor han er i høve til markeringa. Er han innføre, vil han sjå slik ut: . Er han på omrisset av markeringa, blir han sjåande slik ut: og dersom han er på utsida av markeringa, slik: . Du kan finjustere markeringa ved å opprette nye kontrollpunkt ved å klikke på omrisset av markeringa eller ved å flytte eksisterande punkt. Når alt er som det skal vere, klikkar du på innsida av markeringa for å gjere ho om til eit utval.

Det er bare råd å lage eitt utval på denne måten. Prøver du å lage ei ny markering, vil det første utvalet forsvinne når du omformar den nye markeringa til eit utval.

[Advarsel] Advarsel

Ikkje klikk innføre området før du er sikker på at markeringa er slik du vil ha ho. Angreloggen registrerer ikkje kvart enkelt klikk. Klikkar du på “angre”, blir du ført tilbake til biletet slik det var før du byrja å bruke saksa, og du må begynne heilt frå nytt igjen. Klikkar du deg over til eit anna verktøy, vil også alle punkta du har prikka inn forsvinne. Du kan likevel omforma markeringa til ein bane og arbeida vidare på denne med baneverktøyet.

Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval.

2.7.4. Verktøyinnstillingar

Figur 13.22. Verktøyinnstillingane for “saksa

Verktøyinnstillingane for saksa

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.

Modus; Kantutjamning; Mjuke kantar
[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.2, “ Felles verktøyinnstillingar. Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Vis interaktiv grense

Dersom du har aktivert dette valet, vil GIMP vise ruta som grensemarkeringa vil ta frå det førre markeringspunktet og til det nye. Dersom dette valet ikkje er aktivert, vil GIMP vise ei rett linje frå det førre markeringspunktet og til det nye. Først når du slepp museknappen vil den valde grensa bli markert. Dersom du har ein treg maskin og store avstandar mellom kontrollpunkta, kan det vere litt hjelp i å ikkje aktivisere dette valet.