3.5. Blyant

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-20 kost

Figur 13.55. Symbolet for “blyanten” i verktøykassa

Symbolet for blyanten i verktøykassa

Blyanten blir brukt når du skal teikne på frihand med klar avgrensa strek. Verktøyet liknar nokså mykje på målarpenselen, men gir alltid ein strek med skarpe, harde, kantar sjølv om du nyttar diffuse penslar.

Dette kan vere nyttig når du arbeider med svært små bilete som t.d. ikon, eller med store forstørringar av eit bilete, og ønskjer kontroll på kvar einaste piksel slik at alle endringar blir eksakt slik du ønskjer det.

[Tips] Tips

Skal du teikna rette linjer med blyanten, eller ein del av dei andre teikneverktøya, klikk på startpunktet, trykk deretter på, og hald nede Shift-tasten og klikk på sluttpunktet.

3.5.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaBlyant,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen N.

3.5.2. Valtastane (førehandsvalde)

Ctrl

Hald denne tasten nede for å gjere blyanten om til ein fargeplukkar.

Shift

Gjer at blyanten teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med venstre museknapp vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.

3.5.3. Verktøyinnstillingane

Figur 13.56. Innstillingane for “blyanten

Innstillingane for blyanten

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøykassa

Modus, dekkevne, pensel, skalering, trykkfølsemd, uttoning, sitring, farge frå fargeovergang