3.13. Slør/Skjerp

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-21 kost

Figur 13.78. Symbolet for “slør/skjerp” i verktøykassa

Symbolet for slør/skjerp i verktøykassa

Konturverktøyet nyttar den aktive penselen for anten å sløre eller å skjerpe deler av biletet. Sløreeffekten kan vere nyttig dersom du Dette verktøyet nyttar den aktive penselen for anten å sløre eller å skjerpe deler av biletet. Sløreeffekten kan vere nyttig dersom du vil tone ned enkeltelement i biletet. Strykretninga har ingen effekt på dette verktøyet. Skulle du ha behov for å markere strykretninga, bruker du utsmøringsverktøyet.

Verktøyet slør/skjerp gjer eit bilete skarpare ved å auka kontrasten. Denne forma for skjerping har lett for å laga støy i biletet. Dersom dette er eit problem, kan du prøve eit av forbetringsfiltra, t.d. uskarpmaske.

[Tips] Tips

Det er også råd å skjerpe bilete ved å gå vegen om kloneverktøyet. Lag ein kopi av laget du arbeider på og køyr eit av forbetringsfiltra, t.d. uskarpmaska, på kopien. Deretter aktiverer du kloneverktøyet med “innretting” sett til “direkte”. Sett dekkevne til ein liten verdi, t.d. 10. Ctrl-klikk på kopien for å gjere denne til kjelde for kloninga, og teikna på det originale laget med kloneverktøyet.

Begge verktøya arbeider suksessivt, dvs. at effekten aukar dess fleire gonger du stryk penselen over eit område. Kor mykje biletet skal slørast eller skjerpast for kvart strøk, blir bestemt av kontrollen som set graden. Kontrollen for dekkevne bestemmer kor mykje eit bilete maksimalt kan bli tilsløra, same kor mange gonger du stryk over det.

3.13.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøySlør eller skjerp,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + U.

3.13.2. Valtastane (førehandsvalde)

  • Ctrl: Denne tasten bytter mellom slørmodus og skjerpmodus. Tasten reverserer valet gjort i verktøyinnstillingane.

3.13.3. Verktøyinnstillingar

Figur 13.79. Innstillingane for “slør eller skjerp

Innstillingane for slør eller skjerp

Dekkevne, pensel, trykkfølsemd, uttoning, sitring, hard kant
Arbeidsmodus

I slør-modus blir kvar piksel som penselen glir over blanda med dei nærliggande pikslane og gir såleis ei overvekt av nokså like pikslar i penselstrøket. Dette gjer at overgangen mellom fargane blir viska ut, men kan også føre til at overgangen blir mørkare.

I skjerp-modus blir kvar piksel litt meir ulik nabopikslane for kvart strøk. Kontrasten aukar. Held du på for lenge, kan resultatet bli uventa stygt.

Same kva innstilling du vel, kan du bytte rundt på valet ved hjelp av Ctrl-tasten.

Grad

Denne glidebrytaren bestemmer graden av vald effekt, dvs. kor mange strøk som må til for å få maksimum effekt. Ein verdi på 0 gjer at verktøyet har ingen effekt, medan ein verdi på 100 gir stor effekt.