11.3. Mindre metning

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2342 $ 2008-01-15 kost

Kommandoen Mindre metning blir brukt for å omforma alle fargane i det aktive laget til tilsvarande grader av grått. Denne metoden skil seg ut frå det å konvertere til gråskala på to måtar. For det første verkar han bare på det aktive laget. For det andre er gråtonane i laget framleis RGB-verdiar. Du kan såleis fargelegge laget eller deler av det, på eit seinare tidspunkt.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar bare på lag i RGB-format. Dersom biletet er i gråskala eller indeksert format, er kommandoen ikkje aktivisert.

11.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via FargarMindre metning

11.3.2. Innstillingar

Figur 15.133. Dialogvindauget for “Mindre metning

Dialogvindauget for Mindre metning

Du har her tre moglege innstillingar:

Gråtonen blir bestemt ut frå

Lysverdi

Formelen for utrekninga er

Lysverdi = ½ * (max(R,G,B) + min(R,G,B))
Fargeglød

Formelen for utrekninga er

Fargeglød = 0,21 * R + 0,71 * G + 0,07 * B
Gjennomsnitt

Formelen for utrekninga er

Lysverdi = (R + G + B) / 3

Figur 15.134. Ei samanlikning mellom vala

Ei samanlikning mellom vala

Originalbiletet

Ei samanlikning mellom vala

Basert på “lysverdi

Ei samanlikning mellom vala

Basert på “fargeglød”. Resultatet er lysare.

Ei samanlikning mellom vala

Basert på “gjennomsnitt”. Resultatet er mellom dei to føregåande.