10.34. Fjern alfakanal

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2529 $ 2008-06-15 kost

Denne kommandoen fjernar alfakanalen frå det aktive laget utan å endre alfakanalen for dei andre laga i biletet.

Dersom det aktive laget er bakgrunnslaget og du ikkje har lagt til ein alfakanal, er kommandoen gråa ut som ikkje aktiv. Lagnamnet vil også vere utheva for å vise at laget manglar alfakanal.

Dersom det aktive laget ikkje er bakgrunnslaget, vil gjennomsikta bli erstatta med den aktive bakgrunnsfargen i verktøykassa.

10.34.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via LagGjennomsiktFjern alfakanal og frå lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogen.