3.4. Dialogen for fargeovergangar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2540 $ 2008-01-20 KoSt

Figur 14.35. Dialogen for fargeovergangar

Dialogen for fargeovergangar

Dette dialogvindauget viser alle dei tilgjengelege fargeovergangane som blir brukte særleg med blandeverktøyet, men også i mange andre samanhengar. (Ein fargeovergang, også kalla “gradient”, er ein gradvis overgang i ei eller anna form frå ein farge til ein annan). Ved hjelp av denne dialogen kan du gjere ein del operasjonar på overgangane. Mellom anna kan du aktivere ein bestemt fargeovergang ved å klikke på han i dialogen. Dette blir vist i verktøykassa ved at overgangen dukkar opp der. GIMP blir levert med noen titals ferdiginstallerte overgangar, men du kan også lage dine eigne ved hjelp av fargeovergangsbehandlaren. Du kan finne meir om overgangane og bruken av dei i avsnittet om fargeovergangar.

Dei fire første fire fargeovergangane i dialogen er litt spesielle i og med at dei lagar ulike overgangar mellom den aktive forgrunnsfargen og den aktive bakgrunnsfargen, eller gjennomsikt.

3.4.1. Aktivering

Dialogen for fargeovergangar er ein sjølvstendig dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarFargeovergangar

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugePenslar, mønsterelement og overgangar Dette valet opnar eit vindauge som inneheld fleire dialogar, der den eine av dei er dialogen for fargeovergangar.

  • frå verktøykassa ved å klikka på ruta for fargeovergangar

  • frå biletmenyen: DialogarFargeovergangar

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneFargeovergangar

  • eller frå eit bilete med snarvegen Ctrl+G

3.4.2. Å bruke dialogen

Den mest nærliggande bruken av dialogen er å klikke på ein overgang for å gjere denne til den aktive fargeovergangen. Kva for ein fargeovergang som er aktiv, blir vist i verktøykassa.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein fargeovergang, kan du gi overgangen eit nytt namn dersom dette er ein overgang du har laga eller installert sjølv. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren av overgangen vil dette opna fargeovergangsbehandlaren som kan brukast til å gjere forandringar i fargeovergangen dersom det ikkje er ein av dei førehandsinstallerte overgangane. Kanskje blir du litt frustrert over at du heile tida blir nekta å gjere forandringar? GIMP er sett opp slik at du ikkje får lov til å forandra det som kjem ferdiginstallert, bare det du lagar eller legg inn sjølv. Utanom fargeovergangane gjeld dette også penslar, mønsterelement osv. som blir lagt inn automatisk.

Tabell-/Liste-modus

Frå fanemenyen kan du velje om fargeovergangane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle fargeovergangane. Dette kan sjå greitt ut, men det viser seg i praksis å vere vanskeleg å velje frå tabellen i og med at det er lett å bli forstyrra av dei andre visingane. Difor er visinga normalt sett til listeform, som er lettare å bruke.

Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.

Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar som kan brukast på ulike måtar:

Rediger fargeovergang

Trykk på denne knappen for å opna Fargeovergangsbehandlaren.

Ny fargeovergang

Denne knappen opnar fargeovergangsbehandlaren med ein enkel gråskala fargeovergang som du kan forandra etter behov. Sjølvlaga fargeovergangar blir automatisk lagra i den personleg mappa gradients i GIMP-katalogen. Overgangane i denne mappa blir lasta inn når du starter opp GIMP. Du kan velje å bruke andre mapper for denne lagringa ved å gå inn på Seksjon 1.6, “ Verktøyinnstillingane.

Kopier fargeovergangen

Lager ein kopi av den gjeldande fargeovergangen. Du kan redigere kopien, sjølv om du ikkje får lov å redigere originalen.

Slett fargeovergangen

Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerne alle spor etter den aktive fargeovergangen. Du blir bede om å bekrefta slettinga.

Oppdater fargeovergangane

Dersom du har lagt til dine eigne fargeovergangar, vil eit trykk på denne knappen gjere desse synlege i dialogvindauget. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.

Alle funksjonane som blir utførte ved hjelp av desse knappane, kan også utførast frå lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar ein eller annan stad på lista over fargeovergangar eller via Meny for fargeovergangar i fanemenyen:

Figur 14.36. Menyen for fargeovergangar

Menyen for fargeovergangar

Denne menyen inneheld noen ekstra funksjonar:

Lagra som POV-Ray...

Dette betyr at fargeovergangen blir lagra i eit format som blir brukt av POV-Ray 3D-ray-tracing program.

Kopier adressa for overgangen

Denne kommandoen vil kopiere den fullstendige adressa for overgangsfila over på utklippstavla. Du kan deretter lime inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.

Eigendefinert fargeovergang

Denne kommandoen oppretter eit bilete fyllt med den gjeldande fargeovergangen. Du kan deretter bestemme høgde, breidde for biletet og retninga for fargeovergangen.

3.4.3. Fargeovergangsbehandlaren

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2474 $ 2008-03-11 KoSt

Figur 14.37. Rediger fargeovergangen

Rediger fargeovergangen

Fargeovergangsbehandlaren blir brukt for å redigere fargane i fargeovergangar du har laga sjølv eller kopiert frå dei som følgjer med GIMP. Dei som høyrer til systemet, kan du ikkje gjere forandringar på.

Dette er eit av dei verktøya som det kanskje vil ta litt tid å venne seg til å bruke. Tanken bak er at ein fargeovergang eigentleg er sett saman av segment. Kvart segment inneheld ein mjuk overgang frå fargen ved den eine kanten til fargen ved den andre kanten av segmentet. Med overgangsbehandlaren kan du legge inn så mange element som du har bruk for. For kvart element kan du bestemme kva farge det skal ha på kvar av sidene. I tillegg kan du også bestemme korleis overgangen mellom fargane skal sjå ut.

3.4.3.1. Aktivering

Overgangsbehandlaren er ein sjølvstendig dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • Ved å dobbeltklikke på miniatyren av fargeovergangen i dialogen for fargeovergangar.

  • Frå hjelpemenyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit namn i dialogen “fargeovergangar” og deretter vel Rediger fargeovergang i menyen.

  • Ved å trykke på knappen Rediger fargeovergang nederst i dialogvindauget “Fargeovergangar”.

  • Frå fanemenyen som kjem fram når du klikkar på den vesle trekanten i dialogvindauget. Gå inn i menyen og vel Meny for fargeovergangarRediger fargeovergang.

3.4.3.2. Oppbygginga og bruk av dialogvindauget
Namn

I øvre del av dialogvindauget finn du ei rute med namnet på overgangen. Dersom du har lov til å redigera overgangen, kan du skrive eit høveleg namn her. Har du ikkje lov til å gjere noe med overgangen, er namnet “gråa ut”, dvs. du kan ikkje forandra det.

Arbeidsområdet

Den store ruta midt i dialogvindauget viser overgangen. Dersom du har aktivert Oppdatering etter kvart, vil alle forandringar du gjer bli viste medan du arbeider på overgangen, elles vil forandringane bli synlege først når du slepp opp museknappen.

Når du flytter musepeikaren rundt på visinga av overgangen, vil det dukka opp ein del data i infoområdet under biletet. Desse er relative data og er sett opp slik at t.d. posisjonen blir vist med tre desimalar frå 0,000 (venstre side) til 1,000 (høgre side). Dersom du klikkar ein stad på visinga, blir fargen under musepeikaren sett til forgrunnsfarge i verktøykassa, eller bakgrunnsfarge dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar.

Områdeveljarane og glidebrytarane

Under biletet av fargeovergangen finn du ein del svarte og kvite trekantar. Dei svarte trekantane viser skillet mellom to segment, medan dei kvite trekantane blir brukte til å bestemma korleis fargane skal fordelast i segmentet. Dette er nokså likt slik den midtre glidebrytaren verkar i nivåverktøyet. Du vel eit bestemt segment ved å klikka ein eller annan staden på linja mellom dei svarte trekantane som definerer det. Du vil sjå at linja skifter farge. Du kan også velje fleire segment ved samstundes å halde nede Shift-tasten. Sidan dei markerte områda må vere samanhengande, vil også mellomliggande område bli markerte dersom du hoppar over noen. Også her er det slik at dersom det er kryssa av for “Oppdatering etter kvart” vil endringane vere synlege medan du utfører dei, elles må du vente til du slepp opp museknappen for å sjå resultatet.

Du kan altså dra dei svarte trekantane langs linja for å flytte skillet mellom to segment, eller dei kvite trekantane for å forandre forma på segmentet. Du kan også klikke på og dra markeringa for segmentet for å gjere segmentet større eller mindre. Det kan ikkje vere område utan segment i overgangen, så dersom du komprimerer eitt element, vil det elementet som ligg inntil bli utvida, og omvendt. Endeleg kan du halde nede Shift-tasten for å komprimere eller utvide fleire segment samstundes.

Glidebrytaren

Glidebrytaren under trekantane blir brukt for å flytte fargeovergangen i vindauget. Brytaren er bare aktiv dersom du forstørrer visinga med knappane nedanfor.

Oppdater etter kvart

Dersom dette valet er avkryssa, vil alle forandringane du gjer bli viste etter kvart. Elles blir forandringane ikkje synlege før du slepp opp museknappen.

Info-området

Under glidebrytaren igjen er eit større område som blir brukt til å vise fargen du peikar på og ein del andre nyttige opplysningar.

Knappane

Nedst i dialogvindauget finn du fem knappar:

Lagra

Klikk på denne knappen for å lagra overgangen i den personlege mappa di for fargeovergangar. (Mappa gradients). Neste gong du startar GIMP, eller dersom du trykker Oppdater-knappen i overgangsdialogen, vil fargeovergangen din dukka opp i lista saman med dei andre overgangane.

Tilbakestill

Klikk på denne knappen for å tilbakestilla overgangen til slik han er lagra. (Denne knappen er førebels ikkje aktivert, og verkar altså ikkje).

Forminsk

Klikk på denne knappen for å krympe visinga horisontalt.

Forstørr

Klikk på denne knappen for å utvida visinga horisontalt. Bruk glidebrytaren for å vise utvalde område av overgangen.

Tilpass

Tilpassar visinga av overgangen slik at han passar akkurat i vindauget.

3.4.3.3. Menyen for fargeovergangsbehandlaren

Figur 14.38. Menyen for fargeovergangsbehandlaren

Menyen for fargeovergangsbehandlaren

Du kan opna denne menyen anten ved å høgreklikka på fargeovergangsbehandlaren eller ved å klikke på den øverste posten i fanemenyen. (Fanemenyen kjem fram når du klikkar på trekanten oppe i høgre hjørnet). Denne menyen blir brukt for å bestemme kantfargane for kvart element og korleies overgangen mellom desse fargane skal vere. (Legg merke til at utsjånaden til lokalmenyen er avhengig av om du har aktivert eit segment eller heile fargeovergangen).

Menyen inneheld desse postane:

Rediger fargen for sluttpunktet

Venstre/høgre farge

Denne kommandoen opnar ein undermeny:

Figur 14.39. Undermenyen Venstre/Høgre farge

Undermenyen Venstre/Høgre farge

Ved hjelp av denne undermenyen kan du setje farge for endepunkta frå bakgrunn- og forgrunnsfargane i verktøykassa. Kvar gong du forandrar desse, vil også fargane for endepunkta bli endra. Dersom dette ikkje er ømskjeleg, kan du velje ein fast farge for endepunkta.

Farge for venstre/høgre endepunkt

Her vel du farge for endepunkta ved hjelp av fargebehandlaren.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er relatert til den føregåande, og er ikkje aktiv dersom du alt har vald farge.

Hent venstre/høgre farge frå

Figur 14.40. Undermenyen “Hent farge frå

Undermenyen Hent farge frå

Denne menyen opnar for fleire alternativ for å fargelegga endepunkta. Dersom vi går ut frå at du skal hente farge til det venstre endepunktet (som synt på figuren), kan du velje mellom:

Høgre endepunkt for venstre nabo

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same fargen som det høgre endepunktet i segmentet like til venstre for det valde.

Høgre endepunkt

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som det høgre endepunktet i same segmentet.

Forgrunnsfarge/Bakgrunnsfarge

Dette valet gjer at den gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfargen vist i verktøykassa blir tilordna endepunktet. Seinare endringar i desse fargane vil ikkje forandre fargane for endepunkta.

RGBA-postane

Desse innslaga viser ulike førehandsdefinerte fargar. Du kan legge til dine eigne fargar ved å bruke kommandoen “Lagra venstre/høgre farge til” som er omtalt nedanfor. Du klikkar på eit av innslaga for å gjere dette til aktuell farge for det venstre endepunktet i det valde segmentet.

Lagra Venstre/Høgre farge til

Bruk dette valet for å legge aktuell farge til RGBA-postane nemnde ovanfor.

Fargeovergangar mellom segmenta

Blandemåte for segment

Figur 14.41. Undermenyen for blandefunksjonen

Undermenyen for blandefunksjonen

Med desse menyvala bestemmer du forma på overgangen. Forma blir bestemt med ein matematisk funksjon:

Lineær

Dette er normalfunksjonen. Fargen skifter lineært frå det eine endepunktet til det andre.

Bøygd

Fargen skifter raskare ved begge endepunkta enn ved midten.

Sinusforma

Omvendt av bøygd. Fargen skifter raskare ved midten enn ved endepunkta.

Sfærisk (aukande)

Fargeskiftinga er større på venstre side enn ved høgre side.

Sfærisk (minkande)

Fargeskiftinga er større på høgre side enn ved venstre side.

Fargemodus for segment/område

Figur 14.42. Undermenyen for fargemodus

Undermenyen for fargemodus

Her kan du velje mellom kva for fargemodell som skal brukast for blandinga, RGB eller HSV.

Endre segmenta

Spegelvend segment/område

Denne kommandoen spegelvender det markerte området frå høgre til venstre.

Kopier segment

Denne kommandoen deler det markerte området i to like store delar. Kvar del er ein perfekt, samantrykt kopi av originalen.

Del segmenta ved midtpunkta

Denne kommandoen deler kvart segment i det markerte området ved den kvite trekanten.

Del segmenta likt

Dette er nokså likt den føregåande kommandoen, men deler kvart segment i to like store delar i staden for ved dei kvite trekantane.

Slett segment

Vel du denne, forsvinn alle segmenta i det markerte området. Det blir sett inn ein svart trekant i midtpunktet for det området som blei sletta. Segmenta på kvar side blir utvida til trekanten for å fylle den ledige plassen.

Sentrer midtpunkta for segmentet igjen

Dette valet flyttar den kvite trekanten til halvvegs mellom dei to tilhøyrande svarte trekantane.

Omfordel handtaka i segmentet

Dette valet fordeler dei svarte og kvite trekantane slik at det blir same avstand mellom dei.

Bland fargane

Dette valet er tilgjengeleg bare dersom meir enn eitt segment er markert.

Bland fargane for endepunkta

Dette valet er bare aktivisert dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke fargeovergangar mellom segmenta.

Bland dekkevne for endepunkta

Dette valet er bare aktivisert dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke overgangar for dekkevne mellom segmenta.

[Obs] Obs

Du kan ikkje angra det du gjer i denne behandlaren, så ver forsiktig. Det beste er å arbeide på ein kopi.

3.4.3.4. Brukseksempel for fargeovergangsbehandlaren

Alle vala kan kanskje sjå litt overveldande ut. Her er eit eksempel som vonleg vil vise at det ikkje er så vanskeleg:

  1. Opna fargeovergangsdialogen og klikk på knappen Ny fargeovergang for å opna redigeringsvindauget. Fargeovergangen blir vist frå svart til kvit.

    Figur 14.43. Ny fargeovergang

    Ny fargeovergang

  2. Høgreklikk i den nye fargeovergangen og klikk deretter på Del segmentet i like delar i menyen som kjem fram. I den nye lokalmenyen som dukkar opp, bestemmer du kor mange segment du vil ha.

    Figur 14.44. Fargeovergang med tre segment

    Fargeovergang med tre segment

    Kvart segment er avgrensa med to svarte trekantar som også er glidebrytarar du kan ta tak i og flytte på. Du aktiverer eit segment ved å klikke på det. Held du samstundes nede Shift-tasten, kan du aktivere fleire segment etter kvarandre.


  3. I lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i fargeovergangen vel du Farge for venstre endepunkt og Farge for høgre endepunkt for det valde segmentet eller dei valde segmenta.

    Figur 14.45. Det første segmentet er farga

    Det første segmentet er farga

    Det venstre endepunktet er sett til raudt og det høgre til gult.


  4. Fortsett på same måten for dei andre segmenta. Opna deretter Blandefunksjon for segmenta i lokalmenyen og vel ein høveleg blandingsmåte.