2.2. Hent

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2381 $ 2007-12-27 KoSt

Figur 15.4. Menyen “Hent” i filmenyen i verktøykassa

Menyen Hent i filmenyen i verktøykassa

Undermenyen Hent i Fil-menyen i verktøykassa inneheld ei liste over andre tilgjengelege måtar å importere bilete til GIMP enn frå harddisken eller frå eit nett. Dei mest brukte er skanning og skjermdump, dvs. å hente eit bilete frå skjermen.

2.2.1. Vala i undermenyen

Sidan GIMP bruker systemfunksjonar frå datamaskinen for å utføre desse oppgåvene, kan funksjonane du finn i menyen og kva namn dei får variere frå maskin til maskin og etter kva utstyr som er kopla til.

Lim inn som nytt

Kommandoen lim inn som nytt er den same som lim inn som nytt i redigeringsmenyen. Begge opnar eit nytt bilete og limer inn innhaldet frå utklippstavla i det.

[Tips] Tips

Tasten Print Screen tar eit bilete av skjermen og legg dette inn i utklippstavla. Du kan bruke denne for å ta eit bilete av undermenyar eller andre ting som elles forsvinn så snart du klikkar på skjermen. (Ikkje alle maskinoppsett).

Skjermdump

Figur 15.5. Vindauget for “Skjermdump

Vindauget for Skjermdump

Skjermdump (dvs. å “fotografera” skjermen) opnar eit dialogvidauge med noen innstillingar for å hente eit biletet frå skjermen:

Hent eitt bilete

Du kan velje kva for eit av vindauga på skjermen du vil ta bilete av.

Etter ... sekunds pause

Bruker du 0 sekund, vil vindauget bli fotografert så snart du klikkar på det. Skriv du eit høveleg tal sekund her, har du tid til å gjere endringar i vidauget før biletet blir tatt.

Hent heile skjermen

Som namnet seier, henter funksjonen eit bilete av heile skjermen.

Etter ... sekund pause

Er denne sett til 0, vile biletet bli henta så snart du trykker knappen Hent. Skriv du eit høveleg tal sekund her, har du tid til å gjere endringar på skjermen før biletet blir tatt.

[Notat] Notat

Før du lagar ein skjermdump bør du forsikra deg om at det vindauget du ønskjer å ta bilete av ikkje er dekka av eit anna bilete.

Ekstrautsyr for bilethenting

Figur 15.6. Skanner og anna utstyr

Skanner og anna utstyr

Kva for utstyr som dukkar opp i dette menyvalet, er heilt avhengig av kva eksternt utstyr som er kopla til maskinen. Skulle du ha bruk for litt ekstra rettliing om bruken av utstyret, må du gå til handbøkene eller andre rettleiingar som følgjer med. Biletet over er bare eit eksempel på kva som kan finnast her.