Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Dette filteret lager støy i det aktive laget eller i den aktive narkeringa ved å bruke av fargemodellen HSV.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.
Denne glidebrytaren styrer kor stor del av den opphavlege fargen som skal haldast igjen uforandra. Ein låg verdi vil føre til store fargeforandringar, medan ein høg verdi gir mindre endringar. Skalaen går frå 1 til 8.
Denne glidebrytaren forandrar fargen på pikslane i eit tilfeldig mønster. Brytaren vel ut eit tilgjengeleg fargeområde på HSV-fargesirkelen med utgangspunkt i den originale pikselfargen. Skalaen går frå 0 til 255.
Denne glidebrytaren aukar metninga på dei strødde pikslane.
Denne glidebrytaren aukar lysverdien på dei strødde pikslane.