4.5. Smelt

4.5.1. Oversyn

Figur 15.67. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Smelt


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterStøySmelt

Dersom ein piksel skal “smeltast”, er det 80 % sjanse for at han blir bytt ut med pikselen direkte ovanfor. Elles blir ein av pikslane på kvar side brukt i staden. Alle, eller bare ein del av pikslane i det aktive laget eller den aktive markeringa blir påverka av filteret, avhengig av innstillinga på glidebrytaren Slumpmengde (%).

4.5.2. Innstillingar

Figur 15.68. Innstillingane for filteret “Smelt

Innstillingane for filteret Smelt

Startfrø

Verdien du set i kontrollen Startfrø bestemmer til ein viss grad kor tilfeldig filteret skal arbeide. Bruker du det same startfrøet som sist, og ingenting anna heller er forandra, vil filteret gi ut nøyaktig det same resultatet. Legg du inn ein ny verdi for slumpfrøet, vil også resultatet bli eit anna, sjølv om ingenting anna er forandra. Du kan skrive inn verdiar for slumpfrøet for hand, eller du kan velje ein tilfeldig startverdi med knappen Nytt frø.

Er det merka av for Bare tilfeldig, blir innskrivinga av frø sperra. I staden blir det generert eit nytt frø kvar gong du køyrer filteret. Er det ikkje kryssa av for dette valet, vil filteret bruke same frøet kvar gong.

Slumpmengde (%)

Glidebrytaren Slumpmengde bestemmer kor mange prosent av pikslane i det aktive laget eller den aktive markeringa som skal bli påverka av filteret. Dess høgare verdi, dess fleire pikslar bli forandra.

Gjenta

Glidebrytaren Gjenta bestemmer kor mange gonger filteret skal gjenta prosessen.