Figur 15.220. Eksempel på bruk av filteret
Til venstre originalbiletet, i midten kartet og til høgre det ferdige resultatet. Kartet har tre striper: svart, grått og kvitt. Resultatet viser at område som samsvarar med overgangsområda i kartet er gjort uklare. Der kartet inneheld einsfarga område er biletet ikkje påverka.
Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Forkortinga “LIC” står for “Line Integral Convolution”, ein matematisk metode som filteret bruker. Filteret blir brukt for å tilføya retningsbestemt sløring eller struktur i biletet. Verknaden kan minne om brytningsfeil i ei linse.
Medan dei andre filtra i denne gruppa bruker grånivåa i kartet for å styre effekten, bruker dette filteret retninga til fargeovergangane i sløringskartet. Einsfarga område i kartet blir ignorerte.
![]() |
Tips |
---|---|
|
Dette er det første valet du må gjere når du skal bruke filteret. Det finst to typar “opprulling”:
Kvit støy: Dette valet blir brukt når du ønskjer å lage mønster. (Namnet “kvit støy” er henta frå akustikken, og er nemninga på ein støytype der alle frekvensane har same amplitude).
Med kjeldebiletet: Kjeldebiletet blir sløra.
Dette er kartet som styrer sløringa eller mønsterlaginga. Bare biletet som har same form som originalbiletet, og som er opna når du aktiviserer filteret, er tilgjengelege i denne lista. Biletet kan gjerne vere i gråtone.
Figur 15.222. Sløring med vertikalt overgangskart
Når kartet har vertikal fargeovergang vil bare vertikale linjer bli sløra.
Figur 15.223. Sløring med kvadratisk overgangskart
Kartet er delt inn i fire overgangstrianglar der kvart av dei har sin eigen overgangsretning. Bare linjer i biletet som har same retninga som fargeovergangen blir sløra.
Figur 15.224. Tekstureksempel
Her er det avmerka for “Med kvit støy”. Dei andre kontrollane er sett til normalinnstillingane. Med eit vertikalt kart blir “fiberretninga” horisontal.
Du kan velje om filteret skal bruke Kulør, Metning eller Lysstyrke for å gjere endringane i biletet.
Valet Avleiing reverserer verknaden av Fargeovergang.
Figur 15.225. Eksempel på bruk av “Effekt-operator”
Her er det brukt eit kvadratisk kart. Til venstre er effekt-operatoren sett til “Fargeovergang”. Til høgre til “Avleidd”. Det som var sløra er nå skarpt, og omvendt.
Denne kontrollen bestemmer kor “viktig” sløringa skal vere. Når du lager ein tekstur, vil låge tal her gi ei mjuk overflate, medan høge tal vi gi ei grov overflate.
Figur 15.226. Eksempel på verknaden av “Filterlengde” på sløring
Til venstre ei vertikal linje, ein piksel brei, forstørra 800%. Til høgre den same linja etter at ho er tilført vertikal sløring med ei filterlengde på 3. Du kan sjå at sløringa går 3 pikslar ut på kvar side, totalt 6 pikslar.
Figur 15.227. Eksempel på verknaden av “Filterlengde” på tekstur
Til venstre ein tekstur med filterlengde = 3. Til høgre den same teksturen med ei filterlengde = 24.
Denne kontrollen bestemmer mengda og storleiken på den kvite støyen. Låge verdiar gir ei finkorna overflate, medan høge verdiar gir ei grovkorna overflate.
Denne kontrollen bestemmer kor mykje overgangskartet skal influere på teksturen.
Figur 15.229. Eksempel på integrasjonssteg i tekstur
Til venstre: integrasjonssteg = 2. Til høgre: integrasjonssteg = 4.
Desse glidebrytarane bestemmer kontrastområdet i teksturen. Eit smalt område betyr høg kontrast. Eit stort område gir liten kontrast.
Figur 15.230. Eksempel på bruk av min-/maks-verdiar i tekstur
Minimumverdi = -4,0. Maksimumverdi = 5,0.