5.2. Gaussiske kantfinning

5.2.1. Oversyn

Figur 15.71. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Gaussisk kantfinning


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKonturGaussisk kantfinning

Filteret blei tatt i bruk frå og med GIMP 2.2. Filteret finn kantane ved å køyre to gaussiske sløringar med litt ulike sløringsradiusar og deretter subtrahere resultata. Algoritmane bak dette filteret blir mykje brukt innan forskning på kunstig syn, og kanskje også for biologisk syn, og er svært raske i og med at sløringa arbeider fort og sikkert. Den viktigaste innstillinga er sløringsradius for dei to køyringane. Dese er det lettast å setje ved å sjå på førehandsvisinga. Eit lite tips på vegen likevel: auke i den minste radiusen vil som oftast gi tykkare kant, medan redusering av den største radiusen har ein tendens til å auke terskelen for at noe skal bli oppfatta som ein kant. Som oftast vil du få det beste resultatet når radius 2 er mindre enn radius 1. Unntaket kan vere når du har lyse figurar på mørk bakgrunn. (Av ein eller annan grunn er det ikkje råd å omsetje tittelen på dette filteret i menyen, difor finn du det førebels under det engelske namnet “Difference of Gaussians”).

5.2.2. Innstillingar

Figur 15.72. Innstillingane for filteret “Gaussiske kantfinning

Innstillingane for filteret Gaussiske kantfinning

Utglattingsparametra

Radius 1 og radius 2 er sløringsradius for dei to gaussiske sløringane. Den einaste avgrensinga på bruken av dei, er at dei må vere ulike. Dersom dei er like, vil dette gi eit blankt bilete. Med radius 1 større enn radius 2, vil resultatet som oftast bli eit skisseliknande bilete.

Normaliser

Når denne er avkryssa, vil lysområdet bli strekt mest mogleg for å auke kontrasten. Bare den delen av biletet som er synleg i førehandsvisinga blir brukt for å vise verknaden i førehandsvisinga. Difor kan det hende at resultatet blir noe annleis på det ferdige biletet. Dette er til vanleg ikkje noe stort problem.

Inverter

Når denne boksen er avmerka, vil resultatet bli teikna med mørke strekar på kvit bakgrunn. Dette gjer at biletet minner om ei skisse eller ei teikning.