5. Konturfilter

5.1. Innleiing

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1984 $ 2007-04-09 KoSt

Dette er ei gruppe filter som finn overgangane mellom ulike fargar og bruker desse kantane for å markere konturane av ulike objekt.

Filtra blir brukte for å lage markeringar, og for ulike kunstnariske føremål.

Dei fleste av desse filtra analyserer fargeskilnadane i biletet og gir til dels nokså tykke kantlinjer. Sjå på fig. 1, som viser variasjonar i fargeintensitet. Til venstre i figuren forandrar fargen seg lite, og det er liten grunn til å kalle dette ein kant. På høgre sida er variasjonane kraftigare, så her er er det ein markant kant. Vi kan rekne ut variasjonen i fart for dette område, dvs. den første avleiinga vist i figur 2. Eigentleg viser toppen av kurva kva som er kanten, men vi har bestemt oss for at det finst ein kant når variasjonen er større enn terskelverdien. Difor blir alltid kantane nokså breie med desse filtra.

Laplace-operatøren bruker den andre avleiinga, figur 3. Toppen av kurva er her null, og såleis klart definert. Dette er forklaringa på at Laplace-filtra teiknar tynne kantar, bare ein piksel tykke. Ulempen er at det blir mange slike nullar som tilsvarar små variasjonar, og dermed også “falske” kantar.

Som oftast vil det hjelpe med litegrann kantutjamning før bruk av desse filtra. Kantutjamninga flater ut signala og hindrar falske kantar.