3.3. Einingsbehandlar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-02-05 KoSt

Einingsbehandlaren viser ei liste med informasjon om kva for måleeiningar som er i bruk i GIMP. Du kan også legge inn nye måleeiningar dersom du har behov for det.

3.3.1. Aktivering

  • Du får tilgang til undermenyen frå menylinja i verktøyskrinet via UtvidEiningsbehandlar

3.3.2. Beskriving av “Einingsbehandlaren

Figur 14.10. Dialogvindauget for “Einingsbehandlaren

Dialogvindauget for Einingsbehandlaren

Biletet viser dialogvindauget for “Einingsbehandlaren”. Denne lista viser kva for måleeiningar som er definerte. Du kan klikke på ein av knappane Ny eller Kopiér for å lage nye måleeiningar.

Beskriving av listeelementa

  • Lagra: Dersom du har kryssa av her, vil definisjonen bli lagra når du sluttar av GIMP. Dei einingane som er utheva øvst på lista vil alltid bli lagra, same kva du meiner.

  • ID: Namnet GIMP bruker for å identifisera eininga.

  • Faktor: Kor mange einingar som må til for å få ein inch (engelsk tomme).

  • Siffer: Dette blir brukt i felt for innskriving av tal, og viser kor mange desimalar eininga må ha for å bli like nøyaktig som ein “inch” (engelsk tomme) skrive med to desimalar.

  • Symbol: Blir brukt bare dersom det finst eit eige symbol for eininga, som t.d. " for tommar. Elles blir den vanlege forkortinga for eininga brukt.

  • Forkorting: Den vanlege forkortinga for eininga. (T.d. “cm” for centimeter).

  • Singularis: Namnet på eininga i eintalsform.

  • Pluralis: Namnet på eininga i fleirtalsform.

3.3.3. Å definere nye einingar

Figur 14.11. Dialogen for “Ny eining

Dialogen for Ny eining

Du får fram dialogvindauget vist ovanfor ved å klikke på ein av knappane Ny eller Kopiér i Einingsbehandlaren. Innhaldet i kvart av felta er omtalt ovanfor.

Dersom du klikkar på knappen Ny, er dialogen som kjem opp lik den som er vist på biletet. Trykker du knappen Kopiér kjem dialogen opp ferdi utfylt med verdiane frå den eininga du har kopiert. Du kan redigere verdiane etter behov.