viser kva for utvidingsmodular som er tilgjengelege. Om du ønskjer det, kan du ha ein viss kontroll med kva for modular som skal lastast ned. Modulane styrer funksjonar som t.d. å velje fargar eller vise filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vil bli aktiverte neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP. (Til vanleg har du ikkje bruk for å forandra desse innstillingane).
Rullevindauget i modulbehandlaren viser lastbare modular. Du kan klikke i rutene for Autolast for å markere eller avmarkere dei. Plasseringa av modulane blir vist i kolonna Modulbane. Nedst i vindauget finn du ein del informasjon om modulen. Denne informasjonen blir tatt direkte frå modulen, og er difor som oftast på engelsk.