Kommandoen
opnar eit vindauge med generell informasjon om det aktive biletet. I tillegg viser det informasjon om den pikselen som for tida er under musepeikaren.Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via
→ .eller med snarvegen ShiftCtrlI
Informasjonsvindauget viser ein del generell informasjon om det aktive biletet, namn på biletet og ein miniatyr av det. I tillegg finn du også informasjon om pikselen like under musepeikaren.
Pikseldimensjonar: Viser høgda og breidda på biletet i pikslar. Detter er den “fysiske” storleiken på biletet.
Utskriftstorleik: Viser kor stort biletet vil bli som utskrift, målt i gjeldande måleeining. Dette er den “logiske storleiken” til biletet, og er avhengig av den fysiske storleiken på biletet og skjermoppløysinga.
Oppløysing: Viser biletoppløysinga i dpi (dots per inch = punkt per tomme).
Skaleringsfaktor: Viser zoomfaktoren for biletet.
Kor mange lag: Viser kor mange lag det er i biletet.
Storleik i minne: Viser kor mykje plass biletet tar opp i minnet. Dette er den same informasjonen som blir vist i biletvindauget. Som oftast er talet her mykje høgare enn storleiken på fila biletet er lagra i. Dette både fordi biletet bir vist ukomprimert og fordi GIMP held ein kopi i minnet for angreoperasjonane.
Visningstype: Viser kva fargemodus biletet er i.
Visuell klasse: Viser korleis skjermvisninga er behandla i biletet, f.eks. “Sanne fargar”.
Visuell djupn: Viser fargedjupna for biletet i bits. Dette kan fordelast på fleire komponentar i fargemodellen. For eksempel har eit bilete i RGB.modus tre komponentar: R, G og B. Med ei visuell djupn på 24 bits, er det (24 : 3) 8 bits per komponent. Dette betyr at det er 256 moglege fargeverdiar for kvar av fargane raud, grøn og blå.
Du finn her opplysningar om fargane når du flytter musepeikaren over biletet. Nokså mykje det same som når du bruker fargehentaren, men fargane blir ikkje vist.
Pikslar: Koordinata for den pikselen du peikar på. Utgangspunktet er (0,0) i øvre, venstre hjørne.
Einingar: Koordinata for den pikselen du peikar på, oppgitt i gjeldande måleeining. Utgangspunktet er (0,0) i øvre, venstre hjørne.
Det er to nedtrekksmenyar i dette vindauget. Begge inneheld dei same vala, noe som gjer det enklare å samanlikne fargeverdiane for ein bestemt piksel i ulike fargemodellar. Vala i menyen er:
Pikselverdiar: Viser verdien av Raud, Grøn, Blå og Alfa for pikselen frå 0 til 255.
RGB: Viser verdien av Raud, Grøn, Blå og Alfa for pikselen i prosent og på hexadesimal form.
HSV: Viser verdien av Kulør i grader. Metning, Lysverdi og Alfa for pikselen i prosent.
CMYK: Viser verdien av Cyanblå, Magentaraud, Gul, Svart og Alfa for pikselen i prosent.
Denne fanen viser merknader som kan leggast inn i biletet. Ikkje alle biletformata kan lagra desse kommentarane.