Etter at du har laga ei rektangulær eller elliptisk markering, eller du lagar ho på frihand eller ved hjelp av tryllestaven, vil musemarkøren til vanleg vise flyttsymbolet. Dette viser at du kan klikke og dra markeringa rundt i biletet. Den opphavlege posisjonen markeringa hadde blir tom.
Dersom du heller vil flytte ramma for markeringa, utan å flytte innhaldet, held du nede Alt-tasten medan du flytter markeringa.
Notat | |
---|---|
Dersom Alt-tasten er i bruk av vindaugebehandlaren, blir kanskje heile biletet flytt i staden for markeringa. Du kan då prøve eitt av desse to:
|
Det er råd å flytta ei markering utan å blanka ut startposisjonen. Hald nede Ctrl-tasten medan du flytter musepeikaren ørlite grann. Hald deretter også nede Alt-tasten medan du flytter markeringa. Ein enklare metode er å bruke flytteverktøyet i markeringsmodus.
Når du flytter på ei markering, vil det automatisk bli laga ei flytande markering (eit flytande lag). Sjå Flytande markering. Når musepeikaren er utanfor markeringinga vil han sjå ut som eit ankar for å minna deg om at markeringa vil bli fast forankra i denne posisjonen dersom du klikkar på venstre museknappen.
Så snart den flytande markeringa er oppretta i lagdialogen kan du bruke piltastane for å flytte markeringa. (Du kan lage markeringa flytande ved å gå inn på
→ i biletmenyen).