Flytteverktøyet blir brukt til å flytte lag, markeringar, hjelpelinjer og tekst.
Tips | |
---|---|
Sjå meir om hjelpelinjer i ordlista. Skal du arbeida svært nøyaktig, kan du i tillegg bruke måleverktøyet. |
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
ved å gå inn i biletmenyen på
,frå Verktøyskrinet ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet
eller ved å trykke tasten M.
Flytteverktøyet blir også aktivert automatisk når du lagar ei markering eller ei hjelpelinje.
Notat | |
---|---|
Dersom du held nede mellomromtasten vil det aktive verktøyet bli omdanna til eit flytteverktøy. Det originale verktøyet blir aktivt igjen når du slepp tasten. |
I normalinnstillingane er dette verktøyet sett til å arbeide på det aktive laget og med Vel eit lag eller ei hjelpelinje avkryssa. La oss gå ut frå at biletet ditt har meir enn eitt lag og i tillegg ei markering og ei hjelpelinje. Når du flytter musepeikaren over biletelementa som høyrer til det aktive laget, viser markøren den velkjende firevegs pila. Dersom du nå klikkar og drar, vil du flytte heile det aktive laget. Fører du musepeikaren over eit element frå eit ikkje aktivt lag eller ei hjelpelinje, viser markøren ei hand. Dersom du nå klikkar og drar, vil du flytte dette laget eller hjelpelinjna.
Held du nede tastekombinasjonen Ctrl + Alt kan du flytte ramma for markeringa utan å flytte innhaldet. Dette er det same som når du vel “Markering” i Verkar på i innstillinsmenyen.
Held du nede Alt-tasten kan du flytte omrisset av markeringa utan å gjere endringar i biletet. Det er bare ramma som blir flytt, ikkje innhaldet. På noen maskiner må du halde nede Shift Alt for å få dette til.
Du kan også flytte det aktive laget ein og ein piksel ved å bruke piltastane. Held du nede Shift-tasten samstundes, blir markeringa flytt 25 pikslar i kvart steg.
Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykke på, eller i noen tilfelle dobbeltklikka på, verktøyikonet
Notat | |
---|---|
Desse verktøyinnstillingane er omtalte i avsnittet fellesinnstillingar for transformeringsverktøya. |
Hugs på at innstillingane du gjer også er gyldige neste gong du opnar eitt av verktøya som bruker desse vala.
Her bestemmer du kva for modus som skal vere standard og kva for modus som skal aktiverast med Shift-tasten.
Dersom Verkar på er sett til lag:
Vel eit lag eller ei hjelpelinje: Dersom biletet inneheld mange lag, vil musemarkøren skifte til eit kors når han kjem over eit element som høyrer til det aktive laget. Då kan du klikke-og-dra elementet. Når markøren har form av ei hand, kan du flytte eit ikkje aktivt lag ved å klikke-og-dra eit synleg element i laget. Så lenge flyttinga varer vil dette vere det aktive laget. Dersom markøren kjem over eller nær ei hjelpelinje, vil hjelpelinja skifte til raudt for å merkere at ho er aktivisert og kan flyttast.
Flytt dette laget: Bare det aktive laget blir flytta.
Dersom Verkar på er sett til bane:
Vel ein bane: Dersom det er fleire lag i biletet, og noen av dei inneheld banar, vil alle banane bli viste i banedialogen. Ein av banane vil vere den aktive banen. Når musemarkøren er over ein bane vil markøren få form av ei hand. Du kan då flytte denne banen ved å klikke-og-dra. Den aktuelle banen vil vere den aktive banen så lenge du flyttar på han.
Flytt denne banen: Bare den aktive banen kan flyttast på. Du kan endre aktiv bane i banedialogen.