5.5. Terskelverdi

Dette verktøyet omformar det aktive laget eller den aktive markeringa til eit svart/kvit-bilete ved at alle pikslane innføre terskelområdet blir kvite og alle utanfor området blir svarte.

Verktøyet blir helst brukt til å forbetra bilete i svart/kvit, eller for å lage merkeringsmasker. Blir ofte brukt for å forbetra skanna tekst.

[Notat] Notat

Sidan dette verktøyet lager eit verkeleg svart/kvit-bilete, vil alle former for kantutjamning forsvinna. Dersom dette er eit problem, bruk heller nivåverktøyet.

5.5.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTerskel

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøyskrinet dersom du har installert fargeverktøya der. Sjå om eventuell installasjon i kapitlet om verktøydialogar.

5.5.2. Verktøyinnstillingar

Figur 12.69. Innstillingane for verktøyet “terskel

Innstillingane for verktøyet terskel

Terskelområdet

Dialogen inneheld eit histogram som viser fordelinga av intensitetsverdiane i det aktive laget eller den aktive markeringa. Du kan setje terskelområdet anten ved å bruke innskrivingsboksane, ved å flytte på dei små trekantane eller ved å dra musepeikaren over diagrammet medan du held nede museknappen. På denne måten kan du velje ut deler av biletet. Pikslar som fell innføre terskelområdet blir sett til kvit, dei andre til svart. Ved å prøve deg fram, kan du gjere utvalde deler av biletet kvitt med svart bakgrunn.

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK .

5.5.3. Å lage markeringsmaske med verktøya terskel og snarmaske

I dei tilfella der eit element i biletet skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen, kan det ofte vere praktisk å bruke terskelverktøyet for å velje ut dette elementet. I “Grokking the GIMP” [GROKKING01] blir det vist ein metode basert på kanalmaske, men metoden som er forklart nedanfor, basert på snarmaska er enklare.

  1. Det første du gjer er å separere biletet i dei einskilde RGB- eller HSV-komponentane. Du vil då få fram eit gråskalabilete der dei ulike komponentane blir viste som lag i lagdialogen. Plukk ut det laget som best isolerer objektet. Dersom det er vanskeleg å sjå dette på miniatyrane i lagdialogen, kan du leike litt med “augesymbola” i lagmaska og studere kvart lag for seg i biletvindauget.

    Figur 12.70. Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen

    Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen
    Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen
    Originalbiletet, det separerte biletet og lagdialogen

  2. Hent fram terskelverktøyet frå det separerte biletet. Flytte rundt på markørane (dei små trekantane) og finn det området som best isolerer objektet du vil trekke ut av biletet. Resultatet blir kanskje ikkje perfekt, men vi skal forbetra det ved hjelp av ei markeringsmaske.

    [Advarsel] Advarsel

    Ver sikker på at du har aktivert det rette laget når du kaller opp terskelverktøyet. Du kan ikkje bytte biletlag etter at verktøyet er opna.

    Figur 12.71. Det valde laget etter bruk av terskelverktøyet

    Det valde laget etter bruk av terskelverktøyet

    Vi fekk eit ganske bra bilete av blomsten vår, i tilleg også ein del område som vi ikkje vil ha med i maska. (Raude område på originalbiletet).


  3. Forsikra deg om at det rette biletvindauget og det rette laget er aktivt og kopier laget til utklippstavla med snartastane Ctrl + C.

  4. Aktiver originalbiletet. Klikk på knappen snarmaske i nedre, venstre hjørne av biletvindauget. Biletet blir dekka av ei raud, gjennomsiktig maske. Sidan biletet vårt inneheld mykje raudt, passar denne raudfargen ikkje heilt. Gå til kanaldialogen og aktiver kanalen for “snarmaska”. Dobbeltklikk på miniatyren, eller høgreklikk og vel Rediger kanaleigenskapane frå menyen som dukkar opp. I dialogvindauget som kjem fram, klikkar du på fargeruta og vel høveleg farge. Gå tilbake til originalbiletet og trykk Ctrl + V for å lime det tidlegare kopierte laget inn i biletet.

    Figur 12.72. Maska

    Maska

  5. Voilà. Markeringsmaska er klar til bruk, eller du kan forbetra ho litegrann med vanlege metodar om du ikkje er heilt nøgd. Når alt er klart, koplar du frå snarmaska ved å trykke på snarmaskeknappen. Den nye markeringa blir vist av dei flittige “marsjerande maura”.

    Figur 12.73. Resultatet

    Resultatet
    Resultatet

    Vi forstørra biletet for å kunne arbeide på pikselnivå og brukte lassoen for å fjerna større uønska område. Vidare brukte vi blyanten (for å få harde overgangar) og teikna med svart på område som skulle fjernast og kvitt på område som skulle leggast til. Dette var særleg aktuelt på stilken.