5. Andre dialogar

5.1. Verktøydialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-21 KoSt

Figur 13.50. Verktøydialogen

Verktøydialogen

Verktøydialogen blir stort sett brukt for å halde styr på innhaldet i verktøyskrinet. Ved hjelp av denne dialogen kan du tilpassa verktøyskrinet etter eigne behov. Du kan bestemma kva verktøy som skal vere tilgjengelege i verktøyskrinet, og i kva rekkefølgje dei skal plasserast der. Du kan fjerna verktøy du nesten aldri bruker, eller du kan legge til fargeverktøya eller andre verktøy som du bruker ofte. Du kan også velje kva verktøy som skal vere aktivt ved å klikke på symbolet, men det er nok ein sjeldan bruksmåte for dialogen.

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarVerktøy

  • frå biletmenyen: DialogarVerktøy

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneVerktøy

5.1.1. Vis som tabell/liste

Frå fanemenyen kan du velje mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell som viser alle ikona i ein todimensjonal tabell med namnet på det aktive verktøyet øvst i dialogvindauget, og Vis som liste. Når du vel listeforma, som er det vanlege, blir verktøyet vist med eit ikon etterfølgd av namnet på verktøyet. Dersom verktøyet er synleg i verktøyskrinet, blir dette vist med eit “auge” framføre ikonet. (Sjå i Seksjon 2.3, “ Dialogar og tavler korleis du kan tilpassa førehandsvisinga).

5.1.2. Å bruke dialogen

Det mest grunnleggande du kan bruke denne dialogen til er å klikke på eit verktøyikon for å gjere dette verktøyet til det aktive. Dette er det same som å klikke på det i verktøyskrinet. Dette gjeld både for listemodus og tabellmodus. Dei andre funksjonane du kan bruke dialogen til, er bare tilgjengelege frå listemodus.

Det viktigaste denne dialogen blir brukt til, er å velje kva for verktøy som skal vere tilgjengelege frå verktøyskrinet. Alle verktøya som er synlege i verktøyskrinet har eit ope “auge” framføre verktøyikonet. Du fjerner verktøyet frå verktøyskrinet ved å klikke på auget slik at det forsvinn. Du kan gjere usynlege verktøy synlege ved å klikke på den staden auget skulle vore.

Har du behov for å endre rekkefølgja til verktøya i verktøyskrinet, kan du gjere dette ved å klikke på eit verktøy i dialogvindauget (på listeform) og dra og sleppe det der det måtte passe. Skulle du vere uheldig å rote for mykje rundt i verktøyskrinet kan du trykke på Tilbakestill-knappen nederst i dialogvindauget.

I staden for å klikke på augeikonet, kan du slå av og på visinga av verktøyet ved å høgreklikka i dialogvindauget på aktuelt verktøy og bruke verktøymenyen som kjem fram. Du kan også tilbakestille verktøya frå denne menyen.