10.18. Inverter

Kommandoen Inverter bytter om på fargeverdiane og lysverdiane for kvar piksel i det aktive laget. Laget blir omforma til eit negativ, for dei som kjenner dette uttrykket betre. Mørke område blir lyse og fargane blir bytt til komplimentærfargen. Du kan finne meir om fargane i ordlista under Fargemodellar.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar bare på bilete i RGB- og gråskalaformat. Dersom biletet er indeksert, er kommandoen ikkje aktivisert.

[Advarsel] Advarsel

Ikkje bland denne kommandoen saman med kommandoen Inverter markeringa.

10.18.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagFargarInverter.

10.18.2. Eksempel

Figur 14.80. Bruk av kommandoen “Inverter lagfargane

Bruk av kommandoen Inverter lagfargane

Originallaget

Bruk av kommandoen Inverter lagfargane

Det inverterte laget