10.17. Mindre metning

Kommandoen Mindre metning blir brukt for å omforma alle fargane i det aktive laget til tilsvarande grader av grått. Denne metoden skil seg ut frå det å konvertere til gråskala på to måtar. For det første verkar han bare på det aktive laget. For det andre så er fargane i laget framleis i RGB-verdiar. Du kan såleis fargelegge laget eller deler av det, på eit seinare tidspunkt.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar bare på lag i RGB-format. Dersom biletet er i gråskala eller indeksert format, er kommandoen ikkje aktivisert.

10.17.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagFargarMindre metning