5.3. Feilkonsollen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1912 $ 2007-03-22 KoSt

Feilmeldingar er ein logg over eventuelle feil som har oppstått medan GIMP køyrer. Meldingane her er meir fyldige enn dei du får via “GIMP-melding”. Du kan lagra heile loggen eller deler av han for seinare bruk.

5.3.1. Aktivering

Du kan få fram dialogvindauget på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarFeilmeldingar

  • frå biletmenyen: DialogarFeilmeldingar

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneFeilmeldingar

5.3.2. Dialogen “Feilmeldingar

Eventuelle feilmeldingar blir samla i den øvre delen av dialogvindauget.

Figur 13.74. Dialogvindauget “Feilmeldingar

Dialogvindauget Feilmeldingar

Nedst i dialogvindauget finn du eit par knappar:

Slett feila

Trykk denne for å slette feilloggen.

[Advarsel] Advarsel

Du kan ikkje “Angre” denne handlinga.

Lagra alle feil

Trykk på denne for å lagra loggen. Du kan lagra deler av loggen ved å markere ønskt område med musepeikaren, eller ved å halde nede Shift-tasten medan du flytter deg rundt i teksten med Piltastane og lagra bare det merka området med å trykke Shift-tasten.

Det vil dukke opp ein dialog der du kan velje namn på loggfila.

Figur 13.75. Dialogvindauget “Lagra feillogg til fil

Dialogvindauget Lagra feillogg til fil

Du kan få opp den same menyen ved å klikka på for å opna fanemenyen og derifrå velje Meny for feilmelding.

[Tips] Tips

Den enklaste måte å få fram feilmeldingsmenyen på, er å høgreklikka i dialogvindauget.