6.8. Lim inn

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1917 $ 2007-02-09 KoSt

Kommandoen Lim inn legg det som måtte finnast på utklippstavla frå siste “Kopier” eller “Klipp ut” inn i biletet. Det innlimte biletet blir lagt inn som ei “flytande markering” og blir vist som eit eige lag i lagdialogen.

Dersom det finst ei markering i biletet frå før, vil det innlimte biletet bli sett inn med denne markeringa som senterpunkt. Ønskjer du at den eksisterande markeringa skal verke som avgrensing for det innlimte biletet, bruker du kommandoen “Lim inn i” i staden.

[Notat] Notat

Du kan bare ha ei flytande markering i biletet. Du kan heller ikkje arbeide på andre lag før du har forankra eller fjerna den flytande markeringa.

6.8.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerLim inn.

  • eller med snarvegen Ctrl-V.