6.10. Lim inn som ny

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1873 $ 2007-02-09 KoSt

Kommandoen Lim inn som ny oppretter eit nytt biletvindauge og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vil alle områda som ikkje rekk ut til ramma bli markerte som gjennomsiktige. Det blir i tilfelle laga ein alfakanal automatisk.

6.10.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via RedigerLim inn som ny.