Første gongen du tar GIMP i bruk, går programmet
gjennom fleire steg for å setje opp diverse opsjonar og filkatalogar.
Mellom anna blir det laga ein underkatalog til hovudkatalogen. Denne
blir kalla .gimp-2.2
. All
informasjonen om dei ulike innstillingane du gjer blir lagra her. Dersom
du fjernar denne mappa, eller gir ho eit nytt namn, vil
GIMP gå gjennom oppstartsprosedyrane på nytt neste
gong, og lage ei ny mappe med namnet
.gimp-2.2
.
Du kan utnytte dette dersom du ønskjer å utforske ulike innstillingar
utan å øydeleggje det eksisterande oppsettet, eller at du hamnar så
ettertrykkeleg i suppa at alt må gjerast om att.
Som oftast går oppsettinga av GIMP nokså greitt føre seg, særleg dersom du godtar forslaga til innstillingar som måtte dukke opp. Du kan heller finjustere oppsettet seinare ved å bruke dialogen innstillingar . Det einaste du bør ta stilling til ved starten, er kor mykje minne som skal avsetjast til GIMP sin minnebuffer.
Kva for dialogar du får opp gjennom installasjonsprosessen er avhengig mellom anna kva for operativsystem du bruker. Det kan difor hende det dukkar opp litt andre skjermbilete enn dei som er viste her, eller at noen av dei ikkje kjem fram i det heile. Dette gjer ingen ting. Bare klikk deg vidare.
Her er ein gjennomgang av oppsettingsprosessen, med småtips innimellom:
Sidan dette vindauget syner GNU General Public License veit du at dette verkeleg er ein velkomstdialog. Legg merke til “Fortsett”-knappen. GIMP spør ikkje eingong om du er samd i vilkåra, bare om du vil gå vidare og installera programmet.
Føremålet med denne neste skjermen er helst å gjere brukaren merksam på at GIMP ein eller annan stad i maskinen din lagar ei mappe med personlege innstillingar. Kvar denne blir oppretta er avhengig av operativsystemet og maskintype. (I Windows vil mappa bli oppretta i “Documents and settings”, ikkje i “home/neo” som biletet viser). For dei fleste vil det vere greiast å bare klikka seg vidare.
Dette vindauget viser filer som GIMP vil lage. Du bør ikkje forandre på dette utan at du veit kva du gjer. GIMP kan få problem dersom du legg filene andre stader i maskinen enn det GIMP legg opp til.
Det kan vere vanskeleg å setje innstillingane for bruk av minnet. Mykje er avhengig av kva du har behov for og kva slag maskin du har. Du har to val her, anten å godta innstillingane GIMP føreslår, eller du kan sjølv setje nye verdiar. Kapitlet om bufferlageret kan kanskje vere litt nyttig lesnad i denne samanhengen eller om du får problem med maskinminnet når du bruker GIMP.
På eit Unix-system kan /tmp
vere ein god plass for dette minnet.
Nå er altså GIMP installert og sett opp slik du ønskjer programmet. Klar til bruk. Bare eit par tips før du går i gang. Kvar gong du startar GIMP, vil det kome opp eit “Dagens tips”. Desse tipsa fortel ting om GIMP som det ikkje alltid er så lett å finne ut av bare på eige hand ved prøving og feiling, så dei er vel verd tida du bruker på dei. Du kan likevel ta bort desse tipsa dersom du finn dei distraherande, men du bør likevel studera dei når du får sjanse til det, for din eigen del. Tipsa kan hentast fram igjen ved å bruke menykommandoen → . Dersom du prøver å gjere eitt eller anna og det ser ut til at GIMP ikkje vil meir, eller oppfører seg på ein uventa måte, kan det verre eit forsøk å lese kapitletAvstressing før du gir heilt opp.
Lykke til med gimpinga di!