12.9. Dias

12.9.1. Oversyn

Figur 17.280. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «dias»


Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit lysbilde (dias) ved å legge til ein perforert, svart kant over og under biletet. Dersom biletet er i høgdeformat, vert kanten lagt på kvar av sidene. «Filmbasen» kan også innehalde tekst og biletnummer.

Forholdet mellom breidde og høgde er sett til 3 : 2. Dersom biletet har eit anna format, vert det beskore. Dersom biletet er i breiddeformat, altså at biletbreidda er større enn høgda, vert den svarte ramma lagt til oppe og nede i biletet, elles vert ho lagt til på høgre og venstre side. Du kan bestemma farge og skrifttype for teksten som kjem fram i rammene. Perforeringane vert teikna med den gjeldande bakgrunnsfargen.

Filteret verkar berre på RGB-bilete og gråskalabilete med eitt biletlag. For andre format er kommandoen gråa ut.

12.9.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterDekorDias.

12.9.3. Innstillingar

Figur 17.281. Innstillingane for filteret «dias»

Innstillingane for filteret «dias»

Tekst

Teksten som skal visast på ramma («filmen»). Det er lite plass, så teksten bør vere kort.

Nummer

Talet du skriv her vert brukt for å imitere biletnummeret på filmen. (På ein verkeleg film normalt frå 1 til ca. 40). Talet vert vist to ganger, den eine gongen med bokstaven «A» lagt til.

Skrifttype

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velje skrifttype for teksten på ramma.

Tekstfarge

Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velje skriftfarge for teksten på ramma.

Arbeid på kopi

Dersom du har merka av for dette valet, vil filteret opprette eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.