12.10. Skjer frå sjablong

12.10.1. Oversyn

Figur 17.269. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «skjer frå sjablong»


Dette filteret arbeider med to bilete, kjeldebiletet og målbiletet. Kjeldebiletet må ha berre eitt lag, vere i gråskala og utan alfakanal. Dette biletet vert brukt som utvalsmaske og vert brukt som mønster for utskjeringseffekten. Biletet som det skal skjerast ut i, målbiletet, må ha eitt enkelt biletlag i RGB-format eller gråskala. Dette biletet må ha nøyaktig same format som sjablongbiletet.

12.10.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterDekorSkjer frå sjablong

[Tips] Tips

Dersom kommandoen er gråa ut sjølv om biletet er i gråskala, kan det vere fordi biletet har alfakanal. Fjern denne.

12.10.3. Innstillingar

Figur 17.270. Innstillingane for filteret «skjer frå sjablong»

Innstillingane for filteret «skjer frå sjablong»

Målbiletet

Her vel du kva bilete som effekten av utskjeringa skal verka på. Nedtrekkslista vil vise alle opna bilete.

Skjer ut kvite område

Denne innstillinga er normalt aktivert og gjer at sjablongen verkar slik som nemnd ovanfor. Dersom denne ikkje er aktivert, vil filteret bruke det inverterte biletet som mønster. Eksempel:

Figur 17.271. Gravørmasker

Gravørmasker

Normal maske

Gravørmasker

Invertert maske


I ekseplet nedanfor er kjelda eit bilete i gråskala medan målet er eit bilete med tremønster.

Til venstre: Det er kryssa av for Skjer ut kvite område. Pikslane i målbiletet som tilsvarer kvite pikslar i mønsteret (rundt teksten) er utskore. Resultatet er tekst i relieff.

Til høgre: Det er ikkje kryssa av for Skjer ut kvite område. Pikslane i målbiletet som tilsvarer svarte pikslar i mønsteret (rundt teksten) er utskore. Resultatet er ein uthola tekst.

Figur 17.272. Eksempel med «skjer kvite område» aktivt

Eksempel med «skjer kvite område» aktivt

Kvite område utskorne

Eksempel med «skjer kvite område» aktivt

Sjablong

Eksempel med «skjer kvite område» aktivt

Svarte område utskorne


Du kan finne meir informasjon om dei ulike laga dette filteret bruker i [GROKKING].