12.7. Gammalt foto

12.7.1. Oversyn

Figur 17.259. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «gammalt foto»


Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit gamalt foto. Du kan bestemma om biletet skal verta litt uskarpt, breidda på den uklare kanten og om det skal leggast til ein bruntone (sepiaeffekt). I tillegg kan du også legge til flekkar.

12.7.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterDekorGammalt foto.

12.7.3. Innstillingar

Figur 17.260. Innstillingane for filteret «gammalt foto»

Innstillingane for filteret «gammalt foto»

Gjer uskarpt

Denne funksjonen bruker gaussisk sløring for å gjere biletet litt uskarpt.

Figur 17.261. Eksempel på bruk av «gjer uskarpt»

Eksempel på bruk av «gjer uskarpt»

Med sløring

Eksempel på bruk av «gjer uskarpt»

Utan sløring


Kantbreidde

Dersom du set kantbreidda til større enn 0, vert filteret ullen kant aktivert for å lage ein kvit, ullen kant rundt biletet.

Bruntone

Denne funksjonen imiterer eldinga til eit svart/kvit foto ved å legge til ei bruntone i biletet, den såkalla sepiaeffekten. [16] Filteret gjer dette ved å avmette biletet, redusere lysstyrke og kontrast og forandre fargebalansen. [17]

Flekklegg

Legg inn flekkar i biletet, ikkje ulikt marmorering.

Figur 17.262. Eksempel på verknaden av «flekklegginga»

Eksempel på verknaden av «flekklegginga»

Flekklegging av eit einsfarga kvitt bilete. «Gjer uskarpt» og «bruntone» er ikkje aktivert.


Arbeid på kopi

Dersom du har merka av for dette valet, vil filteret opprette eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.



[16] Sjå Wikipedia [WKPD-SEPIA].