14.29. Kuledesigner

14.29.1. Oversyn

Figur 17.406. Det same biletet før og etter bruk av «kuledesigner»

Det same biletet før og etter bruk av «kuledesigner»

Originalbiletet

Det same biletet før og etter bruk av «kuledesigner»

Eksempel på bruk av filteret «Kuledesigner»


Dette filteret vert brukt til å teikne ei tredimensjonal kule med ulike teksturar. Filteret skriv over originalbiletet.

14.29.2. Å opne filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarKuledesigner

14.29.3. Innstillingar

Figur 17.407. Innstillingane for filteret «Kuledesigner»

Innstillingane for filteret «Kuledesigner»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK. Ikkje alle endringane vert oppdaterte automatisk. Du må då klikke på knappen Oppdater førehandsvisinga for å sjå resultatet av endringane.

Tekstur

Denne lista viser teksturar som du har lagt inn for å bruke på kula. Teksturane vert brukte i den rekkefølgja dei har i lista. Kvar oppføring viser teksturnamn og teksturtype.

Ny

Lager ein ny tekstur og legg denne nedst i lista. Namnet på den nye teksturen er avhengig av innstillingane du har sett i tekstureigenskapane, og vil forandre seg etter som du forandrar eigenskapane dersom teksturen er markert.

Kopiér

Kopierer den markerte teksturen og legg kopien nedst i lista.

Slett

Sletter den markerte teksturen frå lista.

Opna, Lagra

Gir deg høve til å lagra dei aktive innstillingane og henta dei fram igjen seinare.

Eigenskapar

Type

Bestemmer kva som skal gjerast med kula.

Tekstur

Dekker kula med eit spesifisert mønster.

Punktkopling

Gir ein viss relieffefekt til teksturen.

Lys

Blir brukt for å setje parametra for lyset som treff kula.

Tekstur

Bestemmer mønsteret som skal brukast av teksturtypen. Dersom teksturen er sett til Lys, vert lyset påverka av dette mønsteret på same måten som lyset skulle gått gjennom teksturen før det traff kula. Dersom type er sett til tekstur vert mønsteret avsett på kuleoverflata. Følgjande val er tilgjengelege: «Einsfarga», «Sjakkbrett», «Marmor», «Firfisle», «Phong», «Støy», «Tre», «Spiral» og «Punkt».

Fargar

Set dei to fargane som vert brukte i teksturen. Klikk på fargeboksane for å opna for fargeveljaren.

Skalering

Her bestemmer du kor stort kvart element i mønsteret skal vere. For eksempel vil denne kontrollen bestemme kor store rutene skal vere i «Sjakkbrett».

Turbulens

Styrer kor mykje teksturen skal forvrengast. Verdiane går frå 0 til 10. Med verdiar mindre enn 1,0 er det framleis mogleg å få ut eit uforstyrra mønster. Over denne verdien vert mønsteret gradvis tilført meir støy.

Mengde

Bestemmer kor sterk påverknaden teksturen skal ha på det ferdige resultatet. Verdiane går frå 0, inga endring, til 1,0.

Eksponent:

Styrer relativ styrkefordeling mellom fargane.

Transformasjonar

Skalering X, Skalering Y, Skalering Z

Desse tre glidebrytarane styrer kor mykje teksturen skal strekkast eller komprimerast på kula i dei tre retningane.

Roter X, Roter Y, Roter X

Desse tre glidebrytarane styrer kor mykje teksturen skal roterast rundt dei tre aksane.

Posisjon X, Posisjon Y, Posisjon Z

Bestemmer dei tre posisjonane for teksturen i høve til kula. Dersom type er sett til Lys, vil desse parametra referere til posisjonen for lampa.

Knappen Tilbakestill set alle parametra tilbake til normalverdiane.