14.24. Line Nova

14.24.1. Oversyn

Figur 17.370. Eksempel på bruk av filteret «Line Nova»

Eksempel på bruk av filteret «Line Nova»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Line Nova»

Etter bruk av filteret «Line Nova»


Filteret Line Nova fyller eit lag med stråler utover frå sentrum. Fargen på strålane vert henta frå forgrunnsfargen sett i verktøyvindauget. Linjene startar nær sentrum i biletet og vert breiare utover mot kantane.

[Tips] Tips

Filteret har ingen instillingar for å setje senterpunktet for linjene. Ønskjer du å la strålene kome frå ein annan plass enn biletsenteret, kan du bruke filteret på eit anna, gjennomsiktig bilete og kopiere dette til biletet ditt. Dersom du laget biletet større enn originalbiletet, kan du flytte dette utan å risikere at strålene ikkje når ut til biletkantane.

14.24.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterTeikningarLine Nova

14.24.3. Innstillingar

Figur 17.371. Innstillingane for filteret «Line Nova»

Innstillingane for filteret «Line Nova»

Talet på strålar

Du kan her bestemme kor mange strålar, mellom 40 og 1000, biletet skal ha. Normalverdien er 200.

Mellomrom (grader)

Glidebrytaren sttyrer kor mykje strålane skal utvide seg mot biletkantane. Verdien 0,0 vil føre til at ingenting vert teikna, medan verdien 10 gjer at ein stor del av områda nær kantane vert dekka av strålane. Skalaen går frå 0,0 til 10,0. (Eigentleg styrer glidebrytaren mellomrommet mellom strålane, difor namnet).

Figur 17.372. Innstillingane for filteret «Line Nova» (utviding)

Innstillingane for filteret «Line Nova» (utviding)

Frå venstre mot høgre: utviding = 1, utviding = 5 og utviding = 10.


Forskyvingsradius

Her bestemmer du kor langt ut, i pikslar, frå sentrum strålane skal byrje. Er verdien sett til 0, vil strålane byrje i sentrum. Verdiar større enn 0 vil gjere at strålane byrjar frå ei sirkellinje med vald radius. Største radius er 2 000 pikslar. Normalverdien er sett til 100 pikslar.

Figur 17.373. Innstillingane for filteret «Line Nova» (forskyvingsradius)

Innstillingane for filteret «Line Nova» (forskyvingsradius)

Frå venstre mot høgre: forskyving = 0, forskyving = 50.


Slump

Er denne verdien sett til 1, vil alle strålane byrje i same avstand frå sentrum. Er verdien høgare enn 1, vil strålane byrje tilfeldig litt innanfor eller litt utanfor sirkellinja bestemt ovanfor. Dess høgare tal, dess større avvik. Høgste verdien er 2000. Normalverdien er 30.

Figur 17.374. Innstillingane for filteret «Line Nova» (slump)

Innstillingane for filteret «Line Nova» (slump)

Frå venstre mot høgre: slump = 1, slump = 50.