8.42. Fargelegg frå mal

8.42.1. Oversyn

Figur 16.227. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret «Fargelegg frå mal»


Dette filteret vert i hovudsak brukt til å fargeleggja svart/kvitt-bilete ved å overføra fargar frå eit fargebilete eller ein fargeovergang.

8.42.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FargarKartFargelegg frå mal.

8.42.3. Innstillingar

Figur 16.228. Innstillingane for filteret «Fargelegg frå mal»

Innstillingane for filteret «Fargelegg frå mal»

Dialogvindauget er delt i to hovuddelar: Til venstre målet, dvs. biletet som skal fargast. Til høgre kjelda, dvs. biletet som fargen vert henta frå.

Mål, kjelde

Når du opnar dialogvindauget vil miniatyrane vise biletet du kalla opp filteret frå.

Prøven kan vera heile førehandsvisinga eller eit utval av denne. Ved hjelp av nedtrekkslista kan du opna eitkvart bilete som var opna på skjermen då du opna filteret. Viss du vel Frå fargeovergang (eller Frå omvendt fargeovergang), vil den valde fargeovergangen (eller den omvendte fargeovergangen) verta brukt i dialogvindauget for fargeovergangar. Denne vert vist i fargeovergangslinja under førehandsvisinga. Førehandsvisinga er nedtona og du kan bruka dei to markørane for å velja området på fargeovergangen som skal brukast i biletet.

Målet er normalt kjeldebiletet. Nedtrekkslista viser lista over forval når du opnar filteret slik at du kan velja eit anna målbilete. Viss det er eit utval i biletet, vert dette vist i gråtone, elles vert heile biletet vist i gråtone.

Vis utvalet

Dersom biletet inneheld eit utval, vil dette valet bytte mellom å vise heile biletet eller utvalet.

Vis fargar

Vel mellom å vise biletet i fargar eller i gråtoner.

Hent malfarge

Når du klikkar på denne, vil linja under kjeldebiletet visa fargeovergangen henta frå biletet. Dersom kjeldebiletet inneheld få fargar, kan det henda overføringa vert avbroten. Du må då merkja av for Bruk mellomfargar for å få fram fleire fargar å velja mellom.

Valet Bruk mellomfarger er vel ikkje forståeleg sånn reint intuitivt. Ei lita forklaring: Eit gråskalabilete inneheld informasjon om lysverdien (luminisens, dvs. kor lys eller mørk pikselen er). I eit RGB-bilete inneheld kvar piksel informasjon om dei tre fargane og verdien. Pikslar med ulike fargar kan likevel ha same verdien. Viss det er markert for dette valet, vert fargane blanda og brukte på målpikslane som har denne verdien. Viss denne ikkje er merkt, vert den dominerande fargen brukt.

Utgangsnivå

Du kan flytta på dei to trekantane, eller skriva verdiar inn i innskrivingsboksane for å avgrensa fargeområdet som skal overførast til målbiletet. Resultatet vert synleg med ein gong i målbiletet.

Nivå inn

Du kan flytta på dei tre trekantane, eller skriva verdiar inn i innskrivingsboksane for å avvega innfarginga av mørke område, mellomtoneområde og lyse område. Resultatet vert synleg med ein gong i målbiletet.

Behald intensitet

Gjer at målbiletet får same gjennomsnitlege lysintensitet som kjeldebiletet.

Original intensitet

Gjer at målbiletet beheld lysintensiteten uforandra.