12.7. Lesar for programtillegg

Kommandoen Lesar for programtillegg viser eit dialogvindauge som viser alle utvidingane (programtillegga) som er lasta inn i GIMP, både som ei liste og som eit hierarkisk tre. Sidan mange av filtera eigentleg er programtillegg, vil du sjå mange kjende namn her. Merk deg at du kan ikkje køyra utvidingane frå dette vindauget. Bruk menyen i staden. Du køyrer for eksempel programtillegga filter frå kommandoen Filter i menylinja i biletvindauget.

12.7.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via HjelpLesar for programtillegg.

12.7.2. Beskriving av dialogvindauget «Lesar for programtillegg»

Figur 16.277. Listevisinga i dialogvindauget «Lesar for programtillegg»

Listevisinga i dialogvindauget «Lesar for programtillegg»

Figuren ovanfor viser listevisinga i Lesar for programtillegg. Du kan klikka på namnet til eit programtillegg i rullevindauget for å visa meir informasjon om det. Du vel Listevising ved å klikka på fana øvst i vindauget.

Du kan søkja etter eit programtillegg ved å skriva inn dalar av eller heile namnet i feltet Søk:. Den venstre delen av vindauget vil då visa treffa.

Figur 16.278. Trevisinga i dialogvindauget «Lesar for programtillegg»

Trevisinga i dialogvindauget «Lesar for programtillegg»

Figuren ovanfor viser trevisinga i «Lesar for programtillegg». Du kan klikka på namnet til eit programtillegg i rullevindauget for å visa meir informasjon om det. Du vel Trevising ved å klikka på fana øvst i vindauget.

Du kan søkja etter eit programtillegg ved å skriva inn dalar av eller heile namnet i feltet Søk:. Den venstre delen av vindauget vil då visa treffa.

[Notat] Notat

Ikkje alt i dette dialogvindauget er synleg heile tida. Bruk rullefelta for å visa resten.