12.8. Prosedyrelesaren

Kommandoen Prosedyrelesaren viser prosedyrane i PDB, ProsedyreDatabasen. Desse prosedyrane er skript som vert kalla opp av skripta eller programtillegga.

12.8.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via HjelpProsedyrelesar.

12.8.2. Omtale av dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Figur 16.279. Dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Dialogvindauget for «Prosedyrelesaren»

Figuren ovanfor viser dialogvindauget for «Prosedyrelesaren». Viss du klikkar på ei oppføring i rullelista til venstre, kjem det opp informasjon om ho til høgre. Du kan også søkja etter ein spesifikk prosedyre ved å søkja i prosedyredatabasen ved å bruka eit regulært uttrykk i Søk:-feltet:

etter namn

Viser ei liste over prosedyrar der namnet inneheld namnet du skreiv inn.

etter beskriving

Viser ei liste over prosedyrar som har søkjeteksten din i omtalen.

etter hjelp

Viser ei liste over prosedyrar som har søkjeteksten din i tilleggsinformasjonen.

etter forfattar

Viser ei liste over prosedyrar som er laga av forfattaren som har delar av søkjeteksten din i namnet.

etter opphavsrett

Viser ei liste over prosedyrar der namnet på den som har opphavsrett inneheld delar av søkjeteksten.

etter dato

Viser ei liste over prosedyrar som har datoen du søkte på.

[Notat] Notat

Spørjinga vert prosessert som tekst, ikkje datoverdi. Du kan difor oppleva at du ikkje finn nokre prosedyrar sjølv om datoen du søkjer på finst. For eksempel vil eit søk på 2001 ikkje finna ein prosedyre datert 2000-2005, men vil finna søk på 2000 og 2005.

etter type

Viser ei liste over prosedyrar som har ein av fire typar: «Intern GIMP-prodedyre», «GIMP programtillegg», «GIMP utviding» eller «Temporær prosedyre».