Figur 17.316. Filteret «Avbild på objekt» brukt på eit foto
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «Avbild på objekt»
Dette filteret overfører eit bilete til eit objekt. Objektet kan vere eit plan, ei kule, ein boks eller ein sylinder.
I dette filteret har førehandsvisinga fleire funksjonar:
Trykk på denne knappen dersom funksjonen du arbeider med ikkje har automatisk oppdatering av førehandsvisinga.
Når musepeikaren er i området for førehandsvising, vil han få form av ei hand. Denne handa kan du i nokre av innstillingane for filteret bruke for å flytte rundt på det blå punktet som markerer posisjonen for lyskjelda. Dette punktet er berre synleg innføre førehandsvisinga.
Blir brukte til å forstørra eller forminska førehandsvisinga. Bruksområdet er nokså avgrensa, men kan vere nyttig ved større bilete.
Legg eit rutenett over førehandsvisinga. Dette kan vere til hjelp for å plassera effektane meir nøyaktig. Mest nyttig på Plan.
To have preview working as usual.
Denne nedtrekksmenyen inneheld dei objekta det er råd å avbilda på. Du har valet mellom Plan, Kule, Boks eller Sylinder.
Den delen av biletet som ikkje vert berørt av objektet vert gjennomsiktig.
Når du avbilder på eit plan og flytter dette rundt i biletet, vert deler av biletet utan pikslar. Dersom det er merka av for Kjeldebiletet som bakgrunn, vert desse tomme plassane fylte opp med kopiar frå originalbiletet.
![]() |
Notat |
---|---|
Denne funksjonen verkar berre på objektet «Plan». |
Dersom det er avmerka for denne funksjonen, vert det laga ein kopi av originalbiletet. Filteret vil arbeide på denne kopien og la originalen vere uforandra.
Dersom det oppstår «trappetrinn» langs kantane i biletet, kan du prøve å forbetra resultatet ved å aktivera denne funksjonen. (Sjå eventuelt i ordlista under Kantutjamning.) Funksjonen har to innstillingar:
Dess høgare tal dess meir omfattande vert kantutjamninga, men tar også meir tid.
Definerer omfanget av utjamninga. Prosessen stoppar når skilnaden i pikselverdiane vert mindre enn grenseverdien.
In this dropdown list, you can select among Point light, Directional light and No light.
Klikk på denne knappen for å opna dialogen for fargeval.
Dersom «punktlys» er vald, kan du setje x-, y- og z-koordinata her i staden for å flytte rundt på det blå punktet.
Dersom «retningsbestemt lys» er vald, vil x-, y- og z-parametra kontrollera «Retningsvektorane». (Veit ikkje kva dette er. Verknaden er for meg usynleg. Noen tips?)
Intensiteten på fargen frå originalbiletet som vert vist i område på objektet utan direktelys frå ei lyskjelde.
Intensiteten på originalfargen når han vert opplyst av ei lyskjelde
Høgare verdiar gjer at det vert reflektert meir lys slik at området ser lysare ut.
Kontrollerar intensiteten til høglysa.
Bestemmer kor mykje fokusert høglysa skal vere. Dess høgare verdi dess meir glans i høglysa.
Desse tre glidebrytarane vert brukte for å plassera objektet i biletet. X, Y og Z er koordinata i eit tredimensjonalt koordinatsystem.
Desse tre glidebrytarane vert brukte for å rotere objektet rundt aksane X, Y og Z.
Denne fanen er berre synleg når du har vald å avbilde på objektet «Boks».
For kvar av bokssidene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret vart opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på kvar av dei seks sidene til boksen.
Desse glidebrytarane vert brukte for å skalere boksen i alle tre retningane x, y og z.
Denne fanen er berre synleg når du har vald å avbilde på objektet «Sylinder».
For kvar av endeflatene er det ein nedtrekksmeny som inneheld namna på alle dei bileta du hadde på skjermen då filteret vart opna. Du kan velje kva for bilete som skal brukast på topp- og botnflata i sylinderen.
Her bestemmer du radius for sylinderen. Diverre verkar dette på biletet som skal leggast på sylinderen og ikkje på sylinderen. Vonleg vert dette forandra slik at det er råd å bestemma storleiken på sylinderen og deretter legge på biletet.
Her bestemmer du lengda for sylinderen.