13.13. Flislegg

13.13.1. Oversyn

Figur 17.310. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret «Flislegg» (Biletet er forminska)


Dette filteret lager fleire kopiar av originalbiletet og legg desse inn i biletet i staden for originalen. Du kan velje storleik på kopiane. Det nye biletet vert eventuelt gjort større for å gi plass til flisene. Du kan velje å legge flisene inn i originalbiletet eller å lage eit nytt bilete.

13.13.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterKartFliser

13.13.3. Innstillingar

Figur 17.311. Innstillingane for filteret «Flislegg»

Innstillingane for filteret «Flislegg»

Flislegg til nytt format

Breidde, Høgde

Her skriv du inn kor stort det ferdige biletet skal verta . Normalt er verdiane lenka saman. Du kan bryte lenka og setje verdiane uavhengige av kvarandre. Det er også råd å velje andre måleeiningar enn pikslar, om det er ønskjeleg.

Det nye biletet må vere større enn originalbiletet elles vil filteret berre lage ein kopi av biletet. Dersom dei nye verdiane ikkje er multiplar av («går opp i») dei opphavlege verdiane, vert nokre av flisene avskorne.

Lag nytt bilete

Det kan vere lurt å krysse av for denne slik at du slepp å forandra originalbiletet.