8.61. Heit…

8.61.1. Oversyn

Dette filteret identifiserer og omformar eventuelle pikslar som kan skape problem når dei skal visast på PAL eller NTSC TV-skjermar.

8.61.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FargarTV-filter….

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete der det gjeldande laget ikkje har ein alfakanal. Elles er kommandoen slått av.

8.61.3. Innstillingar

Figur 16.264. Innstillingane for TV-filteret

Innstillingane for TV-filteret

Modus

Du må velje TV-system: PAL eller NTSC.

Handling

Her vel du ein metode for å fjerna varme pikslar.

  • Redusert luminans (lysstyrke)

  • Redusert metning

  • Svert. Dette vil omforme «heite» pikslar til svart.

Kreer nytt lag

Dette gjer at arbeidet vert utført på eit nytt lag i staden for på sjølve biletet.