6.4. Gradientrefleks

6.4.1. Oversyn

Figur 17.104. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Gradientrefleks»


Dette filteret imiterer dei, som oftast uønska, refleksane du kan få i objektivet når du fotograferer mot sola eller anna lyskjelde. Filteret har tre komponentar: Glød, som er den sentrale sirkelen, stråler og sekundærrefleksar.

6.4.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeGradientrefleks

6.4.3. Innstillingar

Fanen Innstillingar inneheld ein del parametrar som du kan setje manuelt etter behov. Fanen Utval inneheld ei liste over ferdiginnstilte filter som du kan velje mellom.

Førehandsvising

Dersom det er markert for Automatisk førehandsvising vert verknadane av parametra du skriv inn viste i førehandsvisinga. Sjølve biletet vert ikkje påverka før du trykker på knappen OK.

6.4.3.1. Innstillingar

Figur 17.105. Innstillingane for filteret «Gradientrefleks»

Innstillingane for filteret «Gradientrefleks»

Sentrum

Du kan her skrive inn x- og y-koordinata for sentrum av refleksjonen. Du kan også setje kooerdinata ved å klikke på førehandsvisinga. Utgangspunktet er som vanleg (0,0) i øvre, venstre hjørne.

Parameter
Radius

Effektradiusen. Glidebrytaren har eit avgrensa området for moglege verdiar. Du kan skrive inn større verdiar i innskrivingsboksen.

Rotasjon

Snu effekten.

Fargerotasjon

Endre fargen for effekten.

Vektorvinkel

Vinkel for sekundærrefleksen

Vektorlengde

Bestemmer kor lange sekundærrefleksane skal vere.

Adaptiv utjamning

Dersom denne er avmerka, kan du bestemme Maks djupn og Terskel-verdi for kantutjamninga. (Sjå Superutjamning ).

6.4.3.2. Utval

Figur 17.106. Innhaldet i fanen «Utval» i filteret «Gradientrefleks»

Innhaldet i fanen «Utval» i filteret «Gradientrefleks»

I denne fanen finn du ei liste over ferdiglaga mønster for bruk i filteret. Du kan redigere dei eksisterande filtra eller lage nye.

Ny

Klikkar du på denne knappen, er det første som kjem opp eit dialogvindauge der du skriv inn namnet på det nye filtermønsteret.

Rediger

Eit trykk på denne knappen opnar gradientreflekshandteraren. (Sjå meir om dette nedanfor).

Kopier

Bruk denne knappen når du vil gjere forandringar i eit mønster utan å forandre originalen.

Slett

Trykk på denne knappen for å fjerne det markerte mønsteret frå lista.

6.4.4. Gradientrefleksbehandlaren

Også handteraren for gradientrefleks inneheld faner:

6.4.4.1. Generelt

Figur 17.107. Innstillingar for «gradientreflekshandteraren»

Innstillingar for «gradientreflekshandteraren»

Innstillingane for glød
Dekkevne

Her bestemmer du kor mykje «gløden», dvs. ringen i midten, skal vere synleg. Frå 0 til 100 %.

Teiknemodus

Du har valet mellom fire modus:

Normal

Gløden legg seg oppå biletet utan å ta omsyn til fargane under.

Legg til

RGB-verdiane for pikslane i gløden vert lagt til RGB-verdiane for dei tilsvarande pikslane i biletet. Fargane vert lysare, og det kan også oppstå kvite område i gløden.

Legg over

Lyse og mørke område i gløden forsterkar tilsvarande lyse og mørke område i biletet.

Skjerm

Mørke område i biletet vert opplyste av dei tilsvarande lyse områda i gløden. Dette vert omlag som å vise to dias på same skjermen.

Innstillingar for teiknig av stråler

Innstillingane er dei same som for glød-teikning

Innstillingar for den andre refleksen

Innstillingane er dei same som for glød-teikning

6.4.4.2. Glød

Figur 17.108. Innstillingane for «Glød» i «Gradientreflekshandteraren»

Innstillingane for «Glød» i «Gradientreflekshandteraren»

Fargeovergang

Når du klikkar på denne knappen kjem det fram ei lang liste over tilgjengelege fargeovergangar. Dei overgangane som byrjar med «%» høyrer til editoren.

Radiell fargeovergang

Den valde overgangen vert teikna radielt ut frå sentrum mot kantane.

Vinkla fargeovergang

Den valde overgangen vert rotert rundt sentrum i retning mot klokka med start klokka tre dersom Rotasjon er sett til 0. Radielle og vinkla fargeovergangar vert kombinerte på same måte som i multipliser-modus, dvs. at lyse område vert forsterka og fargane blanda etter fargesystemet CMYK.

Fargeovergang for vinkla storleik

Forma på effekten vert bestemt av lysstyrkane (luminiteten) i den valde fargeovergangen. Ein lysstyrke på 0, dvs. svart farge, gir radius 0 % medan ein lysstyrke på 100 % (kvit) gir ein radius på 100 %.

Parameter
Storleik (%)

Glødstorleik i prosent (0 – 200).

Rotasjon

Bestemmer kvar rotasjonsovergangen skal byrja. Skalaen går frå -180° til 180° med 0° tilsvarande klokka tre.

Fargerotasjon

Bestemmer glødfargen i høve til HSV fargesirkelen (-180 – +180). (Sjå triangelfargeveljaren.)

6.4.4.3. Stråler

Figur 17.109. Innstillingane for «Stråler» i «Gradientreflekshandteraren»

Innstillingane for «Stråler» i «Gradientreflekshandteraren»

Fargeovergang

Innstillingane er dei same som for glød.

Parameter

Dei første tre vala er dei same som for glød. Dei to nye er:

Talet på stråler

Her bestemmer du kor mange stråler, frå 1 til 300, som skal brukast og teksturen deira.

Strålebreidde

Her bestemmer du, på ein skala frå 1 til 100, breidda på strålene. Breie stråler minner om kronblad på blomster.

6.4.4.4. Sekundærrefleks

Figur 17.110. Innstillingane for «Sekundærrefleks» i «Gradientreflekshandteraren»

Innstillingane for «Sekundærrefleks» i «Gradientreflekshandteraren»

Fargeovergang

Innstillingane er dei same som for glød.

Parameter

Innstillingane er dei same som for glød.

Form på sekundærrefleksen

Sekundærrefleksen er «satelittar» til hovudrefleksen, og kan ha to former: sirkel og polygon. Dersom du vel polygon, kan du bestemmer kor mange sider mangekanten skal ha. Av ein eller annan grunn vert mangekant med 1 side godkjent, men ikkje ein med 2 sider.

Tilfeldig frø

Slumpgeneratoren bruker denne verdien som utgangspunkt for å lage tilfeldige tal. Du kan bruke den same verdien fleire gonger for å få same «tilfeldige» sekvensen omigjen.

Slump

Når du klikkar på denne knappen, vert det laga eit tilfeldig startfrø for slumgeneratoren. Du vil for kvart trykk få eit nytt, tilfeldige tal.