6.5. Lyseffektar

6.5.1. Oversyn

Figur 17.111. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Lyseffektar»


Filteret simulerer effekten av å lyse opp deler av biletet med opp til 6 lyskastarar. Filteret lager ingen skyggar, og kan heller ikkje brukast til å få fram detaljar i mørke område.

6.5.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterLys og skyggeLyseffektar

6.5.3. Innstillingar

Figur 17.112. Innstillingane for filteret «Lyseffektar»

Innstillingane for filteret «Lyseffektar»

Førehandsvising

Når det er merka av for Interaktiv, vert innstillingane viste etter kvart i førehandsvisinga utan å påverka det endelege biletet. Filteret vert overført til biletet først når du trykker på OK-lnappen.

Dersom Interaktiv ikkje er avmerka, vert innstillingane synlege i miniatyren først når du trykker på knappen Oppdater. Denne innstillinga er stort sett berre aktuell dersom biletbehandlinga av ein eller annan grunn går merkbart tregt på datamaskinen du bruker.

Dei andre innstillingane er lagt i faner:

6.5.3.1. Generelle innstillingar

Figur 17.113. Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Generelle)

Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Generelle)

Gjennomsiktig bakgrunn

Lager alle svarte punkta i biletet gjennomsiktige. (Alle avbildingar med verdi 0, dvs. svart, vert sett til gjennomsiktige).

Lag nytt bilete

Lager ein kopi av biletet når filteret vert lagt til i biletet.

Førehandsvising i høg kvalitet

Dette er normalinnstillinga, men kan slåast av dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider sakte.

Avstand

Denne innstillinga bestemmer kor langt effekten skal gå ut frå midten av bilete. Skyvebrytaren går frå 0,0 til 2,0.

6.5.3.2. Lyssettingar

Figur 17.114. Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Lyssettingar)

Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Lyssettingar)

I denne fanen kan du setje parametra separat for kvar av lyskastarane Lys 1Lys 6.

Type

Filteret har fleire lystypar i ei nedtrekksliste:

Punkt

Viser eit blått punkt på førehandsvisinga. Du kan dra dette punktet dit du ønskjer.

Retta

Det blå punktet er lenka til sentrum av førehandsvisinga med ei tynn linje for å vise retninga på lyset.

Ingen

Sløkker denne lampa.

Farge

Klikk på fargeruta for å få fram ein fargedialog som kan brukast til å velje lysfarge.

Intensitet

Blir brukt for å bestemma lysstyrken.

Posisjon

I staden for å posisjonere lyspunktet med musepeikaren, kan du skrive inn koordinata i dei tre rutene i eit tredimensjonalt koordinatsystem. X for horisontal posisjon, Y for vertikal posisjon og Z for avstand frå biletet til lyskjelda. Hugs at lysmengda avtar når avstanden aukar. Verdiane er frå -1 til 1.

Retning

Også retningen frå lyskjelda til midten av biletet vert bestemt i eit tredimensjonalt koordinatsystem, med dei tre aksane X, Y og Z.

Isoler

Når lampa er isolert, lyser denne åleine. Dei andre lysa er sløkte. Kan vere nyttig for å finjustere lyskastaren.

Førevalde lyssettingar

Har du kome fram til nokre vellukka innstillingar, kan du lagra desse ved å trykke på knappen Lagra for å hente dei inn igjen seinare ved å trykke på knappen Opna. Begge knappane opnar høvelege dialogvindauge for handlinga.

6.5.3.3. Overflatelinnstillingar

Figur 17.115. Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Materiale)

Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Materiale)

Innstillingane her gjeld ikkje lyskastarane men det lyset som vert reflektert frå objekta i biletet.

Små kuler i kvar ende av innskrivingsboksane representerer handlinga for kvar innstilling. Hjelpteksten som dukkar opp når du held musepeikaren over innskrivingsboksen er nok til meir nytte enn kulene.

Glød

Her stiller du inn kor mykje originalfarge som skal visast der det ikkje fell direktelys frå lyskastaren.

Lysmengde

Her stiller du inn intensiteten til originalfargen når han vert opplyst av lyskastaren.

Glans

Her stiller du inn intensiteten til høglysa.

Polert

Her stiller du inn glansen i høglysa.

Metallisk

Aktiver denne for å gi metallglans i overflatene.

6.5.3.4. Avbilding

Figur 17.116. Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Avbilding)

Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Avbilding)

I denne fanen kan du setje opp filteret slik at det gir relieffverknad i biletet. Sjå meir om dette i ordlista under Avbilding .

Aktiver avbildinga

Når dette valet er aktivert, vil lyse område i biletet sjå ut som dei er framheva medan mørke punkt ser ut til å vere tilbaketrekte. Verknaden er avhengig av plasseringa av lyskjelda.

Mønsterbilete

Her kan du opna gråskalabiletet som skal brukast som strukturkart. Du finn meir om dette i avbilding frå kart.

Kurve

Her bestemmer du kva metode som skal brukast for avbildinga. Høgda på humpane er ein funksjon av den valde kurven. Du kan velje mellom Lineær, Logaritmisk, Sinusforma og kuleforma.

Maksimal høgde

Dette er den tilsynelatande høgda på uthevingane i relieffet.

6.5.3.5. Omgivnadskopling

Figur 17.117. Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Omgivnadskopling)

Innstillingane for filteret «Lyseffektar» (Omgivnadskopling)

Aktiver kopling til omgivnadane

Med denne kontrollen aktiverer du omgivnadskoplinga og dei tilhøyrande eigenskapane:

Omgivnadsbilete

Her kan du opna kva for bilete eller lag eller utval i biletet som skal brukast som grunnlag for koplinga. Biletet må vere opna med GIMP på førehand og vere i RGB-modus.

Du kan finne eit eksempel på [BUDIG01].