4.9. Støvfjernar

4.9.1. Oversyn

Dette filteret vert helst brukt for å fjerna støvflekkar og riper på eit skanna foto, men kan også fjerna moiré-mønster på bilete skanna frå t.d. eit blad. For å unngå uventa effektar på resten av biletet, må du isolera defektane før du brukar filteret. Filteret byter ut kvar piksel med gjennomsnittsverdien for pikslane innføre den spesifiserte radiusen.

4.9.2. Aktivering

Du finn dette filteret i FilterForbetraStøvfjernar….

4.9.3. Innstillingar

Figur 17.47. Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Innstillingane for filteret «Støvfjernar»

Førehandsvising

Når denne er avkryssa, vert innstillingane viste i førehandsvisinga.

Median
Tilpassande

Tilpassar radius til innhaldet i biletet eller utvalet ved å analysera histogrammet i området rundt målpikselen. Denne radiusen vert alltid lik eller mindre enn den spesifiserte radiusen.

Rekursiv

Dersom denne er avmerkt, vert filteret køyrd fleire gongar for å forsterka verknaden.

Radius

Her bestemmer du kor stort område filteret skal verka på. Skalaen går frå 1 (3 × 3 pikslar) til 20 (41 × 41 pikslar). Etter som vindauget flyttar seg over biletet vert fargane i det glatta ut. Dette kan føra til at småfeil forsvinn.

Svartnivå

Inkluder berre pikslar som er lysare enn den verdien sett i histogrammet (-1 – 255).

Kvitnivå

Inkluder berre pikslar som er mørkare enn den verdien sett i histogrammet (0 – 255).