5.18. Bøy

5.18.1. Oversyn

Figur 17.102. Eksempel på bruk av filteret «Bøy»

Eksempel på bruk av filteret «Bøy»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Bøy»

Filteret «Bøy» brukt


Dette filteret vert brukt til å forandra kantane på det aktive laget eller det aktive utvalet. Kantane kan endrast uavhengig av kvarandre ved hjelp av kurver i eit rutenett.

5.18.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterForvrengingarBøy….

5.18.3. Innstillingar

Figur 17.103. Innstillingane for filteret «Bøy»

Innstillingane for filteret «Bøy»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametera. Endringane vert ikkje lagt inn i biletet før du trykkjer på knappen OK.

Førehandsvis ei gong

Dersom det ikkje er avmerkt for automatisk førehandsvising, kan du oppdatera førehandsvisinga ved å trykkja på denne knappen.

Automatisk førehandsvising

Når det er avmerkt for denne, vert resultata av alle innstillingane du gjer viste i førehandsvisinga etter kvart. Dette treng mykje datakraft og kan seinke arbeidet. Dette er særleg synleg ved bruk av «rotasjon».

Innstillingar
Roter

Denne vinkelen bestemmer korleis kurvene skal roterast i høve til biletet. Ved normalinnstillinga, 0°, vil innstillinga av øvre kurve verke på øvre kant av biletet, nedre kurve på nedre kanten. Er vinkelen sett til 90°, vil øvre kurve påverke venstre kant og øvre kurve høgre kant.

Utglatting, Kantutjamning

Dersom prosessen fører til hakkete kantar, kan ein eller begge desse gjere kantane glattare.

Arbeid på kopi

Dersom det er kryssa av for denne, vert det oppretta eit nytt lag med namnet «Curve_bend_dummy_layer_b» når du trykkjer OK-knappen. Dette laget legg seg øvst i lagstabelen og vrt det aktive laget. Dermed kan du studera verknaden av operasjonen i full målestokk utan å gjera endringar i originalen.

Arbeid på kurvene

I dette rutemønsteret vil du finna ei horisontal linje med ein node i kvar ende. Denne linja representerer i utgangspunktet den øvre kanten av biletet. Kvar gong du klikkar du på linja med musepeikaren, vert det laga ein ny node dersom det ikkje finst ein frå før. Du gjer endringar i kurva ved å ta tak i ein node og dra han dit du ønskjer. Sjølvsagt kan du laga så mange noder som du måtte ha behov for.

Det er berre råd å ha to kurver i rutenettet, og det er berre mogleg å arbeide på ei av dei om gongen. Du vel kva linje du vil arbeida på ved å klikka på radioknappane Øvre eller Nedre.

Er radioknappen Kurvetype Fri aktivert, vil kurva du teiknar erstatte den aktive kurva.

Kantkurver

Desse radioknappane bestemmer om den aktive kurva skal leggjast til Øvre eller Nedre kant i biletet i høve til rotasjonen.

[Obs] Obs

Hugs at kurvekanten vert bestemt av rotasjonen. For eksempel med Roter = 90° vil den øvre kanten eigentleg vera den venstre kanten.

Kurvetype

Med knappen Glatt aktivert, vert kurvene mjukt avrunda når du dreg ut ein node.

Med knappen Fri aktivert, kan du teikne dine eigne kurver. Kurven du teiknar vil erstatte den aktive kurven.

Knappane
Kopier

Kopierer aktiv kurve til motsett biletkant og erstattar den som måtte vere der frå før.

Spegle

Speglar aktive kurve til motsett biletkant og erstattar den som måtte vere der frå før.

Bytt

Bytter mellom Øvre og Nedre kurver.

Nullstill

Tilbakestill: Stiller begge kurvene tilbake til utgangspossisjonen.

Opna

Hentar ei tidlegare lagra kurve frå ei fil.

Lagra

Lagrar kurvedata til ei fil.