5.17. Vind

5.17.1. Oversyn

Figur 17.100. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Vind»


Dette filteret kan brukast til å laga fartssløring, eller som eit generell sløringsfilter. Det som er karakteristisk for dette filteret, er at det finn kantar i biletet og «bles» ut tynne striper frå desse kantane. Sidan det er kantane som vert mest sløra når du fotograferer raske rørsler, kan dette filteret også brukast for å gje ein illusjon av rørsle.

5.17.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret via FilterForvrengingarVind….

5.17.3. Innstillingar

Figur 17.101. Innstillingane for filteret «Vind»

Innstillingane for filteret «Vind»

Glidebrytaren Styrke bestemmer styrken på vinden. I tillegg kan du velja mellom to vindstilar, Vind og Blåst. Glidebrytaren Grenseverdi bestemmer kor mange fartsstriper det skal verta i biletet.

Sjølv om du berre har to vindretningar å velja mellom, kan du i tillegg bestemma kva kant av objektet som skal påverkast, anten i lo («leiande») eller i le («hengande»). Fartstripene frå vindsida er lyse, medan stripene frå le side er mørke.

Det er dette biletet som er utgangspunktet i eksempla som viser filtereffekten:

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Stil
Vind

I og med at denne innstillinga gjev tynne linjer, vil dette vera det rette valet for å laga fartsstriper.

Blåst

Denne gjev tjukkare strekar, og kan minna om utblåsinga etter ein eksplosjon.

Retning

Du kan velja om vinden skal koma frå venstre eller frå høgre.

Påverka kant
Leiande

Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender mot vinden. Stripene vil såleis gå inn over biletobjektet og dra med seg fargane frå objektet.

Fartsstriper

Fartsstripene vil byrje frå den kanten som vender frå vinden. Stripene vil såleis gå bort frå biletobjektet.

Begge

Kombinerer begge effektane.

Grenseverdi

Denne glidebrytaren bestemmer grensa for kva filteret skal oppfatta som ein kant i biletet. Dess høgare verdi dess færre kantar vert oppdaga.

Styrke

Høgare verdiar forsterkar effekten.

Tilfeldig frø

Vindeffekten vert laga tilfeldig. Du kan bruka eit anna frø.