5.17. Fest til rutenett

Denne kommandoen koplar funksjonen Fest til rutenett på eller av. Når funksjonen er aktivert, vert rutenettet gjort «magnetisk». Dette betyr at dersom du flyttar eit utval (eller eit lag) og slepp dette, vert utvalet soge inn til næraste linje i rutenettet og sett fast der. Dette kan du nytte deg av for nøyaktig plassering av biletelement. (Sjå eventuelt Vis rutenett).

5.17.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisFest til rutenett.